På attgrodde stiar

Kva er det eg har gitt meg i kast med? Ein blogg! Det inneber ein kontrakt både med publikum og medbloggarar: Hald ut! Ver stabil! Panikken grip meg; er eg leveringsdyktig? Når må eg ty til arkivet, og når er arkivet oppbrukt? På den andre sida trøystar eg meg med at ein blogg meir eller mindre i desse bloggetider spelar null rolle.

I alle fall hiv eg meg på sykkelen og oppsøkjer stader eg har vore mange gonger før. Kva er det eg har oversett på dette servicebygget for bussar? Jau, dette. Kvifor såg eg det ikkje sist eg var her? For ordens skuld, vaskehallen er fotografert gjennom møkkete plexiglas. Difor dette slør av mystikk (eit ord eg ikkje likar).

Eg syklar heim att, nøgd med den vesle fangsten.