Oppvask

I kunstakademisk samanheng høyrer ein ofte tala om verk. 

Eg vil og be om lov til å definera bileta mine som verk. Men då i tyding verk som i verkebyll. Ein innvendig verkebyll som må stikkast hol på. Når verkebyllen er punktert kjenner eg ro og harmoni. Metoden er å fotografera objekta rundt meg, då får eg det ut, som det heiter. 

Som fotoamatør er fotografering noko ein gjer når overskot er der, ein bonus etter rutinedagar med jobb og familiære, huslege plikter. Det er alltid eit innvendig press etter å skapa, å fotografera. Det gjeld å finna nye vinklingar, detaljar i den rutineprega kvardagen som ikkje er oppdaga enno. Og som kan løftast ut av rutinekvardagen. 

Det store augneblinken er når noko tilsynelatande trivielt, gjennon eit avtrykk på minnebrikka, kan hentast ut, handsamast, og verta til noko anna. Noko som er større enn det vanlege livet.

Som oppvasken. Av og til kan den vera vakker. Det gjeld berre å sjå.

(Lagt inn av Roald Sundal)