Om å bryna ein ljå

Litt over tre månaders pause får greia seg. Eg gjekk lei, men oppdaga at eg fotograferte like mykje som før, trass i at eg er så ambivalent til mediet. I vinter hadde eg stor glede av motiv med snø og is.

Eg lovde meg sjølv at eg skulle slutta å kjøpa fototidsskriftet «Black+White Photography», mørkt og trist som det ofte er. Den lovnaden braut eg. I sist nummer blir fotografeb Josh Lustig sitert: Ei kardinalsynd som ofte går att hjå fotografar, er at portfolio ofte inneheld foto som fotografen ikkje er hundre prosent nøgd med. Dette går også att på nettsider. Dersom du ikkje er hundre prosent nøgd kvart foto, så kutt dei ut. Mindre er ofte meir, seier Lustig.

Der fekk eg den. Lustig viser ein biletserie av myrområde nær London. Eg kunne tenkt meg å kutta ut minst halvparten av dei. Men eg greier ikkje å sjå kva som er bra og mindre bra av eigne foto.

Dagens visdomsord er av Olav H. Hauge: Før du lærer deg å dikta, må du ha lært deg å bryna ein ljå. Det er alt eg har å seia om kunsten.

I dag har eg med ein gjestebloggar, naturfotograf Lars Bø frå Møre og Romsdal. Dei to øvste bileta nedanfor er hans. Det siste er mitt.