Olav K. Tredje og siste.

I barndomsheimen på Tysnes hang det eit fotografi av onkel Olav. Ein smilande mann med nystroken millitær uniform og vid hue med emblem. Det var eit klassisk halvportrett. Kameraet ørlite nedanfrå, kroppen litt til sides. Hovudlys frå venstre, bakgrunnen balanserer opp. Mannen er trygg og solid. Eg kikka ofte på det i barndomen, slike heltar var ikkje ein del av min verden. Det var mat for fantasien. Mor mi fortalde ofte historia om eldstebroren som fall i krigen, ei verkeleg heltesoge. Det var då han skulle bera bort ein død soldat. Under den døde var plassert ein håndgranat slik at den vart utløyst når nokon skulle løfta liket. Handgranten eksploderte og drepte Olav. Historia var ikkje så ulik den me høyrde av ein eldre franskmann mange år seinare. Som ung gut var han vitne til det som skjedde, han hugsa den store nordmannen som låg blødande i vegkanten. 

I byrjinga på femtitalet kom det ei kiste innhylla i eit amerikansk flagg til garden Kåste på Tysnes. Den inneheldt leivningane av Olav. Dokument, personlege effektar og fotografi fylgde med kista. Ei (unøyaktig?) skildring av korleis han døydde må det òg ha vore. Det er uvisst kor mykje familien visste på førehand om skjebnen til Olav. Om dei visste at han hadde verva seg? Om dei visste at han var død? Nokre meiner at Kåsta-folket ikkje visste noko før kista kom til gards. Det må ha vore eit sjokk. Å kommunisera på den tida var vanskeleg, brev var det som gjaldt. Og eit brev om ein fallen soldat kan ingen hugsa. I kaoset etter krigen skulle det såleis ta fleire år før Olav kom heim til si endelege grav. 

I 2013 kom det ein henvendelse til Tysnes kommune frå byen Vence i Sør-Frankrike. Om nokon kjenner til Olav K. og om det er eventuelle etterkommarar? Det er 70 år sidan frigjeringa og byen skal ha ei minnemarkering. Det har vorte leita i krigshistoriske arkiv etter soldatar som mista livet, og Olav er eitt av namna som dukkar opp. Franskmenn set gamle krigsheltar høgt og markerer gjerne med pomp og prakt og avsynging av Marseillaisen. Nesten 40 slektingar og inngifte reiser nedover til Provenve i august, og me vart møtt av varm frank høflighet. 

Og med turen til Vence sluttar eg av denne historia. Det har vore godt å få samla notater og fotografier til eit heile. Sjangermessig fell det kansje utanfor det som er vanleg i ein fotoblogg, men bloggsjefen har no gått god for det, og takk til han for det.


Bildet av Olav som hang i bardomsheimen min.


Ein familie i sorg.


Minneplaketten i Vence.


Monsieur Gassend som var vitne til ulukka, saman med reiseleder for de norske, Bente F.


Purple Heart.