Olav K. Første del.

Olav var den eldste onkelen min på morsida. I 1944 mista han livet i Provence, sør-Frankrike. Han var soldat i den amerikanske hæren og deltok i frigjeringa av Europa. 

Historien blei meg fortalt mange gonger i oppveksten, og onkel Olav er derfor på ein måte del av meg. For eit par år sidan ville det seg slik at historien kom tilbake igjen. Og då frå ein heilt uventa kant. Men meir om det sidan.

Det er ein del gamle fotografi og anna materiale igjen etter Olav. Gamle fotografi er vakre, dei har sin eigen patina som berre tida kan skapa. No er mobilkameraet det mest brukte fotoapparatet. Bileta vert lagra på mobilen, på harddisken, eller i nettskya. Eg veit ikkje kor mange som har papirkopiar av bilrta sine, men trur det er få. Men å lagra bilete digitalt er usikkert. Om hundre år er mange av desse filene ubrukelege eller borte. Me som er lidenskapeleg opptatt av fotografering har eit ansvar for at familiebileta våre er tilgjengelege for framtida, også for tippoldebarna våre. Det einaste som duger då er prints eller bilete i bøker.

Denne historia handlar om gamle fotografi som er blitt tatt vare på. Historien om Olav er laga utifrå det vesle materialet eg har hatt til rådvelde. Eit lite fragment av eit levd liv, og frå ei tid som var mykje meir turbulent enn no.

Som mange andre utvandrarar kom Olav frå ein liten vestlands-gard med stor søskenflokk. Dei var elleve barn. Han og tre andre brør søkte seg til Minnesota. Dei arbeidde på farm, og alle tre utanom Olav kom etter kvart heim igjen til Norge. Fotografia under frå Minnesota og Norge.

Garden på Kåste, Tysnes.

Olav og to yngre brødre. På bytur til Bergen.

Olav som ung mann.

I Minnesota. Fotografiet minner om eit postkort, og mogleg at det er det.

Maskinparken på farmen.

Olav utanfor ein kolonial.