Når går eg lei?

Dei som er innom denne bloggen veit at eg er svak for søppel. Eg elskar ikkje søppel, men eg synest forvandlinga er interessant, og eg er uroleg for kva som skjer med det som ikkje blir fanga opp av den offentlege renovasjonen.

Det er sikkert fleire hundre fotografar som fotograferer søppel. Eg streifa innom lensculture for eit par dagar sidan, ei respektert internasjonal fotonettside. Der viste Leopoldo Plentz sine versjonar; små bitar søppel, aldeles flatklemde. Serien heiter 'Ubrukelege ting'. Han plukkar dei opp frå gata intuitivt. – Hadde eg byrja å tenkja over kva eg gjorde, så ville eg ikkje gjort det, seier han.

Det øvste fotoet mitt – ein hanske – ville eg ha så tredimensjonal og plastisk som mogleg, som ein skulptur, og lausriven frå alle samanhengar.

– Kva vil du med alle sykkelhjula? var det ein som spurde.

– Ingenting, sa eg. Det same kan seiast om tuben, som eg etter kvart har funne i mange versjonar, og om det som er attgjeve på det siste fotoet. Eg ser ingen grunn til lange forklaringar, og i mange tilfelle har eg inga forklaring. Men eg har ei lita von om at motiva skal lysa når dei kjem på skjermen; at det opnar seg ei verd eg ikkje kunne føresjå. Og det veit alle fotografar at det ikkje alltid skjer.

I sist nummer av Black + White Photography er det ein fin artikkel om den kjende viltfotografen Nick Brandt – og søppel!