Liten pause

Det er tre bloggarar på obsfoto. Underskrivne må ha ein liten pause og står over to helgeinnlegg.

Eg blir ståande framfor denne bølgjepappen som badar i ein søledam. Dei siste solstrålane streifar såvidt overflata. Ser meir på biletet når eg kjem heim.

Det er bra nok. Eg kunne sagt 'Fy søren, for eit flott bilete!!'

Men det er bra nok. Kan ikkje noko stundom få vera bra nok? I kveld rusla eg i det same området. Bølgjepappen var borte. Dei siste solstrålane streifa meg. Det var bra nok.


3 responses
Skal man kasta vrak på alt som ikkje er perfekt, ville enn ikkje berre fått eit søppel problem, men og vold å krig. Eg trur ikkje menneskeheten er egna til å vurdera slikt uten at det blir elendighet ut av det. Bilde; fint at du valgte farge her, det gjorde den ekstra piffen til det at ein stoppa opp ved det og ikkje over såg det finne grå tonene i det. Det ser ut til at du også har brukt polizerasjons filter, eit filter som er minst lika aktuelt i den digitale fotografiet, som før i film fotoets dager. Helsing Inge-Martin
Takk. Fargen er avgjerande for dette biletet. Det er ikkje brukt polafilter. Hvis me skal snakk om filter her, så er det eit vanleg UV-filter. Olav Bj.
1 visitor upvoted this post.