Langt og smalt

Éin månad til mørkaste dagen på året. Det vart ikkje betre etter at overgangen til sommartid tok litt av ettermiddagslyset frå meg. Det blir færre turar med kamera og oppdagarglede. Men pausar trengst. Eg gled meg til vinter og frost, med is på vatn og pyttar. Dei har same meining for meg som solnedgangar for andre.

Har nett kosa meg med ny fotobok, med bileta til Anders Beer Wilse. Rart å sjå korlies han opplevde Noreg for hundre år sidan, med sitt primitive fotoutstyr. Vel, primitivt og primitivt – det finst bilete i boka som mang ein moderne fotoentisiast kan misunna han. Eg tek også stadig fram «Chaos» av Josef Koudelka. Nokre av panorammabileta hans er meistarlege. Så kvifor kan ikkje også eg fotografera panoramisk, med mitt enkle kamera? Eg finn motiv som høver til den slags, og så klipper eg fotoa oppe og nede. Ekte panorama er det ikkje, men for meg gjer det same nytten.