Kvardagsskogen

Alle burde hatt sin eigen skog. Ein skog for kvardagen der ein kan gå i stille ettertanke, og viss ein må, ropa ut sinne og frustrasjon. Det bør og vera ein skog for sære aktivitetar, som fotografering av tre og vegetasjon.

Kvardagskogen er ikkje langt frå huset vårt. Den er verken sjeldan, verneverdig eller spektakulær. Kun planta gran, sjølgrodd furu, brake og bjørk. Om sommaren veks det sopp under granene. Hjorten trivst godt i den tette vegetasjonen. Ein gong letta det ein orrfugl frå tretoppen over meg, ein annan gong eit møte med ein hjort. Noko meir dramatisk er ikkje opplevd. ikkje mykje å snakka om.

Men noko skjer. Det er ei pågåande forvandling mellom bjørk og granlegg. Liv går til grunne og nytt oppstår. Ei gamal bjørk står krumbøygd og heng med hovudet. Eit raunetre er ramla over ende og ligg overgrodd av mose. Ei furu er knekt på midten av stormen i vinter. Og innimellom det døyande kjem det opp nye skot av liv.

Skogen er ein bra plass for enkel innsikt. Den umerkelege forandringa frå år til år, det er oss. Som eit aldrande tre går det nedover. Og det er eigentleg vakkert viss ein ser.