Kunst og ukunst

Aud Bækkelund i Kvam i Hordaland er ein allsidig og fantasifull kunstnar. For tida har ho ei utstilling i Kabuso i Øysese. I innbydinga til «Alternative farvann» heiter det at A.B. ser etter poesien i omgjevnadene og i det daglegdagse.

Ho brukar om att ting som elles ville blitt kasta, men som det knyter seg minne til; til dømes ein haug med tommestokkar pent dandert på ein vegg. Distriktet er kjent for både båtbygging og møbelproduksjon. På golvet ligg ei lang remse av kunststoff, som skal minna om ei reise på sjøen.

Utstillinga byd på fotografiske utfordringar. Rommet er langt, med søyler og med vinllar i taket. Lågt dagslyslys kjem inn frå eine langsida, og frå punkt høgt oppe under taket kjem det varmt elektrisk punktlys Det gjev ein kraftig kollisjon i lystemperaturen. I dette tilfellet heng også tommestokkane i ein mørk krok. Løysinga er å slå av taklyset, setja kameraet på stativ og ta biletet over fleire sekund. Andre bilete vart tekne med det elektriske lyset påslått. I datamaskina vart så det gule lyset fjerna, medan det som skulle vera gult vart kalla fram att i neste operasjon. Puh.

Då er det lettare med ein installasjon i friluft og overskya ver. Framleis er det haugar med siloballar på markene. Eg kunne ikkje køyra framom desse kvite, blå, gule og rosa ballane utan å gjera noko med dei.