Kreta 1.

Eg innrømmer det med ein gong. Denne biletserien er inspirert av Nils Jørgensen, ein såkalla minimalist. Buande i Londen og presentert på dette forumet for ei tid sidan. Den vesle billedserien er knipsa ombord i ein turistbåt utanfor Kreta nettopp. Ikkje så mykje å fortelja elles. Ein kan diskutera moralen i å fotografera vilt framande og 'henga' dei ut i ein blogg, eller på ei nettside. Men sjansen for at dei avfotograferte turistane skal finna seg sjøl igjen her på beste fotobloggen i Noreg (men ikkje den største..), er mykje mindre enn mikroskopisk. Faktisk umogeleg vil eg tru. So da so.