Kontrastar I

To foto som er milelangt frå kvarandre. Det går, det òg. Det øvste er tatt av fotokollega Lars Bø. Han har vore i vinterfjellet ein skoddedag. Det kan lokka fram minimalisten i deg.

Det eg har gjort ligg litt utanfor folkeskikken. Ikkje langt frå der eg bur vert det laga eit nytt bustadfjell. Då vert det bora og sprengt i råtafjell. Fjell som har vore inneslutta i seg sjølv i millionar av år kjem brått for dagen. Biletet er for mørkt til å henga på stoveveggen. Fotoet til Lars, derimot,  høver godt på ein vegg – lyst, lett og stille som det er.

Ein annan tidvis bloggar på denne sida har gjeve ut fotoboka «Tupilak». Det er ei lita handlaga bok som Frank Biringer har lagt mykje omtanke og fantasi ned i. Når Frank ruslar i fjøresteinane, finn han fine ting som han tar med seg heim og fotograferer i eit atelier laga for formålet. Han opplever at nokre av tinga har ei kraft i seg som vanskeleg let seg definera. Tupilak er namnet på ting inuittane finn i naturen, og som dei tillegg ei magisk kraft dei kan venda seg til (talismanar). Tinga til Frank er fotografert i ein atmosfære langt frå den inuittiske. Så får sjåaren finna ut kva som fungerer eller ikkje. Boka kan kjøpast i Galleri Giga på Stord eller hjå Rammemakaren same stad.