Konseptet

Det er vanskeleg å forstå kva eit konsept er. I ordbøker vert det forklart som idé, utkast, kladd. Å gå frå konsepta  er det same som å mista kontrollen i ein gitt situajon. Særleg i kunsten er det vanskeleg (for meg) å forstå kva som skjer eller ikkje skjer i eit konseptuelt arbeid. Eit kunstverk kan 'drøfta' eller kritisera ulike sider ved samfunnsutviklinga. Det øvste fotoet viser eit konsept fullstendig blotta for kunstnerisk idé. Einaste tanken er å ta vare på båten. Etter kvart er det eit ork å ta vare på han. Me hiv over endå ein presinng, så held han eitt år til. Så ein presenning til, og etter ei stund har me eit konsept. Båten som framkomstmiddel, gått ut på dato, sløsing med ressursane, misbruk av plast, ureining, forsøpling, eit symbol på overflod, bruk og kast, og sikkert meir til. Slutten på ein draum, men kanskje ein gong, når me har sett ferdig denne fjernsynsserien…

Denne skulpturen fascinerer meg. Han har stått der i fleire år; burde vore freda. Det er lenge sidan eg har sett eit meir utilsikta kaos, eit meir utilsikta konsept. Eg må fotografera det kvar gong eg køyrer framom. Her kan dei faglærde kunstkonseptørane gå heim og legga seg.

Eg har diverre ikkje nok intellektuell kapasitet til å parafrasera meir over verket.

Det andre fotoet kunne vore vist utan forklaring, men eg gjer det likevel. Det er ei steikeplate frå ein kassert komfyr som eg har fotografert før. No var steikeomnen open, så eg kunne dra ut ei av steikeplatene og gjera eit konsept av den. Spør meg ikkje kva meininga med livet er.

Så var eg på fotoferd på industristaden 'min'. Svært seriøst. På veg til bilen ser eg dette metalldreiesponet som eg ikkje hadde hjarta til å forlata. Heim med det. Knips, som det så vulgært heiter. Me som lever for søppel (ikkje av) har det kjekt.