Kaos pluss kaos

Eg refererer stundom til tidsskriftet Black + White når eg finn noko der som får meg til å utbryta eit lite 'aha'. Ein kar som berre går under namnet Boogie har mellom anna fotografert narko-avhengig og kriminell ungdom i New York. Det er forbløffande å lesa om hans eiga haldning til det han gjer:

– Eg prøver ikkje å seia noko med bileta mine, prøver ikkje å provosera fram nokon reaksjon. Eg moraliserer aldri. Eg har ingen illusjon om at bileta mine skal endra verda. Er dette ei reise eg gjer? Eg har ikkje peiling! Eg analyserer ikkje det eg gjer – eg gjer det eg gjer av di eg elskar det.

Innstillinga hans er frigjerande også for meg. Ingen djupe tankar om å utforska forholdet mellom ditt og datt.

Du har vonleg fått med deg det enkle, vakre fotoet til Frank i det forrige innlegget. Ingen ord.

Skogsbiletet her minner meg litt om pointilismen i malarkunsten, og eit lite glimt av det uhyre kompliserte i det som synest enkelt. Det andre fotoet er maling på ei metallflate og gjev meg litt sakral stemning.