Innovativ? Nei

Fotobransjen skaper stadig noko nytt. Det har fotografar flest glede av. Fotografane skaper også stadig noko nytt. Det har eg for min del ikkje alltid glede av. Grensene for kva som er fotografi blir tøygde til det ugjenkjennelege, og går over til å verta bilete eller konstruksjonar. Noko av det fungerer, men mykje er keisarens nye klede.

Så endar det med at eg lukkar meg inne i eigne merkelege prosjekt, med den såkalla sjølvutviklinga berre som ei skodde i bakgrunnen. Eg ser for å fotografera, og har ikkje kunnskap nok eller lyst til manipulering, sjølv om alle foto er manipulerte. Ideelt sett vil eg ikkje – i det ferdige fotoet – merka klørne etter Photoshop. Mi tilnærming til mediet fører til mange einsame foto som ikkje rekk fram til andre enn meg sjøl.

Det øvste fotoet har eg vist før, men då låg det berre éin raud båt ved kaien i staden for to.  Eit motiv kan vera heilt annleis når eg ser det for andre eller tredje gong.

Slik også med Harley Davidson-emblemet. Tidlegare låg det isolert. No hadde det fått selskap av ein sykkel. Det tredje fotoet handlar om å skapa ein best mogleg komposisjon av to vraka stolar. Og ofte når eg ser det ferdige fotoet ergrar eg meg litt over at eg i staden ikkje gjorde sånn eller slik.