I ferjejungelen

Det skulle vore fleire ferjer. Arbeidet med ferjefrie samband på Vestlandet må avsluttast. Det er fint å koma på ei ferje etter å ha køyrt stressande for å nå fram i rett tid. Ferja har folk å sjå på, kanskje snakka med. Du tar ikkje gasspedalen med deg opp eller ned i salongen. Når eg kjem til ei ny ferje er eg over alt for å gjera meg kjend, med unntak der det står «Adgang forbudt». Kanskje stikk eg hovudet inn der òg.

Mellom Skjersholmane og Ranavik går M/F «Bjørnefjord» Enn så lenge. Den har eg reist med  fleire gonger. Sist gløymde eg lesestoff. Kva gjer ein då? Oppdagar noko nytt. Denne gongen det rike plantelivet som kan vera på ei ferje. Eg veit det er gjort i beste meining, men greier ikkje heilt å  gle meg over denne samling av polerte steinar og plast med tjukt lag av støv i bladkronene. Dei er ikkje vatna sidan dei kom ombord, og ikkje treng dei det heller. Bonsai-treet treng normalt ein mannsalder for å verta vakkert. Her er det truleg gjort på eit samleband på kort tid. Og kjenner du ikkje lukta av dampande jungel i det det tette bladverket der fuglane flyg mellom greinene og gibbonane slengjer seg frå liane til liane?

Det siste fotoet er noko heilt anna, ein daud ferjekai på Løfallstrand i Kvinnherad. Eg må pressa kamera mot vindauge for å få med meg dei hjarteomslutta jentenamna, for venterommet er låst. Ved kaien ligg M/F «Fitjar».