Highgate og nevekjemparen

Nyleg var eg så heldig å få sjå delar av gravplassen Highgate i London. Det var ei stor oppleving. Guiden og turen var vel verdt inngangspengane på 12 pund. Han overtydde meg også om at Veneforeninga for Highgate Cemetery treng mange pengar til stell og restaurering av gravplassen, så eg donerte 2 pund frivillig. Det er første gongen eg har gjeve pengar til ein gravplass.

Highgate vest er eit herleg villniss, der stiane fortaper seg inn i mørkret, og påkosta gravmonument druknar i botanikk.

Det er framleis mogleg å verta gravlagd på Highgate Cemetery, men du kan ikkje tinga plass før du har passert 80, eller er dødssjuk. Her har mange vidgjetne engelskmenn funne siste kvilestaden sidan 1839. Grava til nevekjemparen Tom Sayers (1826-1865) er den mest vitja på Highgate. Sayers var ein spebygd mann frå slummen. Han tapte berre ein av sine mange boksekampar. Siste kampen gjekk mot amerikanaren John Heenan. Etter vel to timar vart kampen stogga. Då var det nesten berre ein blodig masse att av boksarane. Dei kjempa utan hanskar den gongen. Det var siste kampen til Sayers.

Over hundre tusen menneske var med i gravfølgjet då han døydde nokre år seinare. Hunden hans, mastiffen Lion, var stivpynta med i spissen for dei sørgjande. Lion er ein del av gravmonumentet.

Det er forbode med blomar av plast på Highgate. Det du ser på siste fotoet er ekte blomar. Elles florerer plasten på engelske gravplassar.

Ei vitjing på Highgate: Highly recommended!