Hest, geit og ein minimalist

Det er kjekt i utkantane, til dømes Bakka og Undredal ved Nærøyfjorden. Eg skulle attende frå Bakka då ein ponny stengde vegen. Gneid seg mot panseret, avanserte mot det opne vindauga og stakk hovudet inn i kupéen. Eg dytta han ut. Han kom inn att. Tre gonger. Så berre køyrde eg, og han fann det klokast å trekkja seg attende. I Undredal var det full stogg for å la denne geiteflokken passera. I Undredal herskar geitene suverent. Dei brukar vegen som offentleg toalett. I september strør asalen bæra sine langs vegkanten på Vossevangen. Litt trivelegare.

Bloggaren Blake Andrews har nokre svært lange intervju med fotografar. Men så møtte han Nils Jørgensen, frå London, minimalist. Det var frydefull lesnad. Jørgsensen har teke fire foto av ein mann på ein benk. Attmed sit ein hund:

– Fortel kva som hende då du tok biletet. – Ikkje noko, så vidt eg kan hugsa. Eg gjekk omkring, i eigne tankar. – Kva tenkte du? – Eg hugsar ikkje. Det er ei stund sidan. – Kva såg du etter? – Eg hugsar ikkje det heller, men ikkje ein serie. Det fann eg ut seinare. – Kva fanga interessa, visuelt? – Dei to. Det såg triveleg ut. – Var det eit øyeblikksfoto, eller planla du det? – Eit øyeblikksfoto. – Reagerte dei på deg? – Nei. – Vart bileta slik du hadde vona? – Nei.