Hei og hopp

Først ein formalitet: Etter avtale med Roald Sundal og Frank Biringer er namna deira fjerna frå framsida av bloggen. Grunnen er at dei bloggar så sjeldan. Men dei to veit også at dei når som helst er velkomne som gjestebloggarar. Eg har sett stor pris på bidraga deira!

Fotoet ovanfor har skapt røre i den fotografiske andedammen. Biletet vart kåra til beste foto i september på nettstaden IN-PUBLIC. Fotograf og bloggar Blake Andrews tok det med iPhone på panorama-innstilling. IN-PUBLIC-sjef Nick Turpin var lite nøgd med at dette skulle definerast som eit klassisk gatefoto. Han stengde nettstaden for å gå i tenkjeboksen.

I bloggen sin seier Andrews at Turpin må utvida grensene for det akseptable. Der Turpin er skeptisk til vilkårleg datamanipulering, frydar Andrews seg over kva den nye teknikken er i stand til. I staden for å klamra seg til klassiske normer, bør Turpin gje seg over til det viktigaste for ein fotograf: Å vera nyfiken og la seg overraska. Enn om iPhone opnar nye fotografiske vegar for meg? spør Andrews, og framhevar nyfikna som den nye gullstandarden: Det er nesten uråd for ein ikkje-nyfiken person å laga gode foto.

Eg spør meg sjølv: Var det Andrews eller iPhonen hans som tok dette fotoet? Vert det eit interessant / godt foto fordi iPhone-programmet har forvrengt motivet?

Det vert skapt gode foto også av fotografar som ikkje eksaltert går inn for oppgåva. Kvar fotograf har sitt eige lynne. Han kan vera kontemplativ og arbeida langsamt og likevel få like fine resultat som den som hoppar og sprett og trykkjer vilkårleg på utløysaren. Eit foto vert også vurdet ut frå betraktarens eige lynne og preferansar.

Som Andrews sjølv seier; all fotografering er manipulering med røyndomen. Slik er det også med fotoet nedanfor. Presenningen som hang ned frå taket i rubbhallen fascinerte meg (be curious!), men eg måtte arbeida ei stund med biletet før eg fekk det som eg ville. Tanken på det sakrale slo meg, sjølv om omgjevnadene var så lite sakrale som vel mogleg.