Haugen, siste runde

Haugen på Eldøyane er borte. Eg innleidde denne bloggen med 'haugen min', og kor trasig det var å ppleva at også den var forgjengeleg. Kubikkmeter etter kubikkmeter vart fjerna, og eg kunne ikkje gjera noko med det. Eg kunne ha lenka meg til ei av dei opprivne røtene, men det hadde berre ført til bot og tappa konto. Dei siste fotoa tok eg i slutten av april. Eit troll av ei rot låg att og klamra seg til ingenting.

Foto nr. to kunne like gjerne vore i svart-kvitt, men eg fann det sparsame fargespelet såpass avgjerande at eg valde fargar.

I bakgrunnen på siste fotoet ragar tre kranar til vers. Den til høgre er «Goliat», ein Kværner-kran som skal sprengast ned ganske snart. I midten ein av dei største søylekranane i verda. Den har russisk inskripsjon og vert på folkemunne kalla «Ivan». I bakgrunnen til venstre skimtar du den nye Kværner-kranen som har fått namnet «Storen». Den løfter inntil 800 tonn.

Men pytt, haugar og kranar er småtteri mot alt anna som vert demontert både av materielle og immaterielle verdiar i vår tid. Det kallast framsteg. I juni skal eg ein tur til England, til stader der demontering av samfunnet er kome langt.