Gråsonekunst

Tilfellet ville det slik: Eg vart spurd om å stilla ut nokre fotografi. Det var eit fint galleri, eg kunne ikkje seia nei.

Folk har idèar og tankar om kva kunst er. I kunstgalleriet har besøkjande forventningar til at det innanfor dørene må kunne lenkast mot desse forestillingane. Men kunst er trollet med mange hovud. Frå tradisjonelt maleri og skulptur som krev formsans, materialkunnskap og handverksmessig erfaring, til den intellektuelle kunstleiken, med sine kryptiske referansar i aust og vest. For utanforståande mest for dei innvigde.

Kva så med fotografiet og det tilsynelatande enkle avtrykket av røyndomen? Fotografi og tradisjonell biletkunst var i eit umake men fungerande ekteskap frå byrjinga av. Dei hadde ulike funksjonar og nisjer, og levde bra side om side.

Problema oppstod då fotografiet vaks på seg kunstambisjonar. Landet vårt var eit av de siste i Europa som ville sjå foto som kunst. Norge er jo fullt opp av knokar og stabeisar, og på trass av det som skjedde med fotografiet i utlandet, var det lita interesse for mediumet som kunst. Fotografi var eit handverk og ein profesjon, javel, men sørgjeleg ukunst.

Å oversjå Kåre Kivijärvi var vanskeleg. Han vart etter kvart tatt opp i det gode selskap med tre fotografi på Høstutstillingen i 1971. Då under kategorien maleri, det fekk då vera grenser. Foreningen Frie Fotografer gjorde eit nybrotsarbeid på 1970-talet og Henie Onstad Kunstsenter med direktør Ole Henrik Moe var online med resten av kunstverda då det arrangerte fotoutstillinga ”Fotografi her og nå” i 1979 med heile 38 norske (kunst)fotografar.

Alle desse tankane turna rundt i hovudet mitt då dei stakkars bileta mine som hadde vore igjennom så mykje, skulle granskast og vurderast av kunstfolk, kjentfolk og vilt framande på utstillingsopninga. Men innbilla sorger plar forsvinna som dogg ein solvarm sommarmorgon. Det gjekk bra, som det heiter. Dessutan hadde eg den gode fe med meg. Ho hadde fortalt meg løyndomar om kunsten sitt vesen. Men det er ei anna historie.