Gangfelt er gode å ha

Det finst dagar som er 110 prosent gråe, eller som turkameraten seier: det finst ikkje stor nok blendar til slikt ver. Men i staden for å gå på veggene heime, køyrer eg til sentrum i den vesle byen. Regnet er moderat, men saman med vind, kamera og paraply er det ein dårleg kombinasjon. Motiva er så daglegdagse og kjedelege at ingen bryr seg om dei. Når eg kjem heim er knapt nokon av bileta verdt å ta vare på. Eg slår fast at vind er greitt, regn er ugreitt.

Eit handlesenter gjev livd både for meg og mannen med stokken. Ingen av oss har tenkt oss inn på Burger King. Like ved bilen kryssar eg gata i eit gangfelt. Opp med paraplyen, fram med kamera, blendar 2,8.

To dagar før oppsøkte eg eit motiv som eg såg for ti år sidan, og som i tida seinare har vakse seg finare og finare for mitt indre blikk. Det var ein av dei sjeldne gongane eg hadde med stativ. Men motivet hadde falma på desse åra, og hamna i den digitale søppelkorga. Men om turen er aldri så mislukka kan det henda eg finn småting på bakken. Dei tek eg med meg heim og gled meg til å fotografera dei under kontrollerte forhold. Då har eg litt att for strevet.