Fotografi er surrealisme!

For dei som ikkje har fylgt med tidlegare, så handlar det om Susan Sontag og hennar legendariske essaysamling «On photography». Sontag påstår at fotografiet, i sin natur så og seia, er surrealistisk (frå fransk; over det naturlege). Ein uvant og spennande tanke som er vanskeleg å få tak på.

Utgangspunktet er den franske poeten og forfattaren Andrè Breton og hans såkalla surrealistiske manifestet frå 1924. I dette manifestet meiner Breton at kunstnaren i sitt arbeid må la det umedvitne påverka kunsten sin i størst mogeleg grad. Manifestet vart grobotn for ein ein ny kunstretning, surrealismen. Ein del kjende fotografar (m.a Man Ray, Rodchenko, Nagy) såg på seg sjølve som surrealistar. Sontag tek dette eit steg vidare og seier at fotografiet i seg sjøl er surrealistisk. Og ikkje berre det, den eigentlege arven etter surrealistane finn me i dag hos middelklassen og deira fotoalbum og pc`ar, fylde av turist- og familiebilete.

Kva er så bakgrunnen for denne merkelege påstanden? Ho argumenterar med at den vestlege middelklassen er gjennomsyra av materialisme, og har derfor ein ibuande trong til å ville eiga alt. Den så og seia tvangsmessige dokumenteringa av alt rundt oss er eit forsøk på (gjennom kameraet) å fanga, eiga. Ikkje berre alle ting i denne verda, men å gjera krav på sjølve verkeleigheita rundt oss.

Den enorme produksjonen av bilete skaper ei dobbel verd. Denne kopierte verkelegheita er tilsynelatande lik den me lever i, men i (foto)verkelegheita er sjølve tidsbegrepet slik me oppfattar det, annleis. For i den augeblinken me eksponerer og frys

eit verkeleghetsfragment fast til biletbrikka, løyser notida seg opp og vert til ei fiksert overnaturleg (surrèel) «samtid». Av den grunn er det alltid noko mystisk med fotografiet, det har eit skinn av uverkelegheit.

Kva vil Sontag med si iherdige argumentering at fotografiet er surrealistisk. Det verkar som Sontag med heile sitt intellekt prøver å avdekka og avsløra dette som er kalla fotografi. Ho vil inn til kjernen, og slit, vrir og vrenger, for å finna dei orda og setningane som kan forklara det umogelege; kvifor me må avfotograferera alt rundt oss. Og i det heile, kvifor me er så fasinert av fotografiet.