Fotografering som tvangshandling

Det finst fotografar som er populære, dyktige, effektive, har skarpt intellekt, orginal stil, super utdanning og fantastisk pågangsmot. 

Og så er det oss andre. Som fotografar er me dømde til å subba rundt i ein evig ørkeslaus pøl. Utan mål og meining med det me driv med. Feige, late, dumme og forvirra. Me vil helst sitta og surfa på dagbla` si dårlege nettavis heile dagen enn å prøva skapa noko. Den såkalla hobbyen (for eit grusomt ord) og heile denne avbildingsmanien vår, er ei tvangshandling, trigga av eit dunkelt og meiningslaust instinkt. Skaparen sjøl har triksa med gènene våre i eit anfall av practical joke.

Ta desse bileta under. Om eit oppegåande menneske hadde tatt slike bilder, ville han/ho kanskje sagt det var ei undersøking av oppvaskkummen, sett i lys av den amoralske vestlege overfloda. Deretter ville dette flinke mennesket ramsa opp alt som var i og rundt denne oppvaskkummen. Alle ting og detaljar som eksempel på denne skitne flaumen av ting.

For meg derimot er dette eit godt døme på fotografering som tvangshandling. Eg synes brukte plastposar og uvaska gryter er rett så fotogne, og at lyset speglar seg fint i pannelokka. Då får eg berre ein tanke i hovudet; Dette må fotograferast. Ja, sånn er det, og meir er det ikkje.