Forvandlinga

Kva kjem han av, denne trongen til å la seg oppsluka av dei små tinga som synest vera så fullstendig uviktige? Eg aktar ikkje å engasjera nokon psykolog for å finna det ut. Det får gå sin gang og ta si tid. Tingen, i form av vrakgods, har ingen misjon i seg sjølv, men set fantasien i sving og pirrar fleire sansar. Oppfatninga av noko som vakkert er ei personleg sak, forma gjennom kulturell påverknad over generasjonar. Berre så forvirrande at det innafor same kulturkrins er så ulike oppfatningar om estetikk.

Enkelte søppelobjekt kan, i si forvrengte form, utstråla ei sterk kraft, og brått stå fram som noko anna enn det det er. Det øvste fotoet er av ein presenning eg har gått framom fleire gonger, men først nyleg såg eg brefallets landskap. Bølgjepappen i foto nummer to har ei fortetta, nærast kubistisk form med restane av ein bodskap i seg. Den samanhaldande krafta er i ferd med å gå tapt gjennom utbrytande element. Men no står eg i fare for å høyra ut som ein kunstkritikar i ferd med å tåkeleggja mål og meining med eit bilete.

Elles seier Dalai Lama: – Eit opphissa sinn er svært skadeleg for kroppen, medrekna blodsirkulasjonen. Eit fredfylt sinn er godt for helsa.