Fjord og himmel

Dagens sitat: – Atget visste ikkje at han var Atget. (Howard Adams)

Eugéne Atget var ein kjend fransk fotograf.

Dei fleste fotografar som tek mediet alvorleg drøymer. Til dømes at i morgon tek eg det beste biletet nokon gong. Eller at skal laga ei bok som alle vil elska. Eller at eg skal gjera ei reise der all konsentrasjon er retta mot fotograferinga. Det siste er litt farleg, for då kan ein gå glipp av mykje.

Eg har gjort ein avtale med fjord og himmel. Reiser ei bestemt ferjestrekning minst ein gong i veka og fotograferer det som er utanfor salongen. Dette vil eg gjera fram til om lag oktober.  Eg likar tanken på ein avtale med element som ikkje veit dei inngår ein avtale, og altså ikkje gjer det. Så får eg sjå kva som kjem ut av det til slutt. Helst vil eg at det skal bli ei bok.

Inspirasjonen kjem frå den japanske fotografen Hiroshi Sugimoto. Han er kjend for ein fotoserie der hav og himmel møtest, ikkje noko meir enn det. Eg ønskjer ikkje å kopiera han, men likevel å gjera det så minimalistisk som mogeleg. Himmel, fjord, og litt land, har uendeleg med variablar.

Samstundes gjev ei lang ferjestrekning høve til lesing og refleksjonar. Til visse tider er det få passasjerar, men ein sjeldan gong vert det utveksla ord mellom to ukjende. Det er heller ikkje å forakta.

Det øvste fotoet har eg kanskje vist før, dei to andre er nye.