Får ikkje tak i det

Kunst blir uangripeleg dersom det ikkje er lov å harselera med han. Eg opplever like mykje at ein del av samtidskunsten driv ap med meg og mange andre. Eg godtar at eg ikkje skjønar, og at eg kanskje går glipp av noko stort. Men dermed vert også kunsten likesæl eller lattervekkande for meg.

Kunsten til Lisboa-baserte Emily Wardill har ein slik verknad. Fram til 26. mars stiller ho ut i Bergen Kunsthall. Arbeida er delt i tre under fellestittelen «Matt black and rat»:

1. Film fordelt på to rom

2. Skjorter på vegg

3. Bokstavar fordelt tilfeldig på mørke, innramma flater (rayogram)

Fem skjorter er dyppa i gipsvelling og hengde på vegg etter dei er størkna. Berre ei skjorte på kva vegg. I det største rommet er eine langveggen ubrukt. På golvet gaular ein høgtalar. Bokstavane i den eine ramma er strødde tilfeldig på flata. På den andre dannar dei spegelvende personnamn. Eg forstår det ikkje, og grip difor til bruksrettleiinga. Kunstverka  « – handler om kommunikasjonens ugjennomtrengelighet. I disse arbeidene iverksettes ulike tilstander av flytende omskiftelighet og overskridelse, hvor fysiske gjenstander antar talens poetiske og flertydige tonalitet.» Som eg skulle sagt det sjølv.

«Både skjortene (som referer til origami) og rayogrammene (som refererer til konkret poesi), er uttrykk for én forms ønske om å bli til en annen form; flatt papir som forsøker å bli tredimensjonalt eller ord som vil bli bilder.» Som eg skulle sagt det sjølv. Når forklaringa ikkje skjønar seg sjølv og hyller seg inn i steinull, glava, saueull og tjukk røyk, då er det på tide å koma seg ut i frisk luft.

Det siste fotoet er mitt. Her drøftar eg, i ein visuell parafrase, forholdet mellom marxistiske teoriar og den endelege løysinga slik proletariatet opplever det, sett i lys av postmodernismens eskapisme. Nesten som eit gravferdsrituale: Av blod er du komen, til blod skal du bli.

I går var det null grader, eit tynt islag på vatnet med eit tynt snølag og eit tynt lag med sol oppå der att. Forstå det den som kan.