Endestasjonen

Dei fleste amatørfotografar trakkar ikkje ned graset på kyrkjegardar i utrengsmål. Men gravplassar kan vera stader for undring og sterke historiar, og eg oppsøkjer dei så ofte eg kan. Nokre gravminne vert hugsa lenge, som denne innskrifta på Gamlebyen gravplass i Oslo: «Ditt liv var skjønnhet». Eller ved Gamle Aker kirke i Oslo – ein stein med namn, fødsels- og dødsdato, og hammar og sigd i raud, klassisk sovjetisk utforming. Den mannen må ha vore sterk i trua. Skálholt, Island – ein jarnkross med eit hjarte som ringla i vinden, og med storslått utsyn til det nakne landskapet. Hjartdal i Telemark – der ei mor stod attmed meg og fortalde om den siste tida til sonen som vart 9 år gamal.

Nordre Gravlund, Oslo: Det er mange portrett på norske gravminne. Truleg er dette det einaste med ein sigarettrøykande mann.

Skjåk i Oppland: Eit hus i staden for minnestein. På framsida er det ein lem som kan opnast.

Då eg opna lemmen, såg eg beint på Rasmus Hole, fødd i 1831. Dette må vera ein stortingsmann eller lensmann, tenkte eg. Men han var ein vanleg ungkar som levde stillferdig på gard heile livet. Broren Lars I. Hole sette opp minnesmerket. Ingen veit kva som inspirerte han. Hole-folket var aktive i samband med bygginga av Skjåk kyrkje.

På Lidar i Øystre Slidre, Valdres, fekk eg frysningar på ryggen av denne rekkja med barnegraver som er konsentrerte om 1920-åra. Ulukke? Epidemi? Spanskesykja har vore nemnt, men ingen veit noko sikkert. Denne typen krossar var vanlege for både barne- og vaksengraver i desse bygdene i eldre tid. I nyare tid vart det vedteke eit eige prosjekt for restaurering av barnegravene, med make krossar og namneskilt. Freding har vore på tale, ikkje på grunn av krossane, men for sjølve rekkja med barnegraver. (Lagt inn av Olav Bjørkum)