Eit ballespark

Lokalavisa viste nyleg eit bilete av ei mengd siloballar. Det er ikkje sant, tenkte eg. Korleis kan desse ballane ha unngått mitt skarpe balleblikk? Og kvifor ligg dei på ein avfallsplass? Eit par dagar seinare var eg på veg til eventyret, ekstatisk, for å seia det mildt.

Dei tilsette på anlegget tok venleg mot meg. Men siloballar? Dei var fjerna for lenge sidan. Fotoet i avisa var tatt for ti år sidan. Dessutan var det ikkje gras, men urein jord i ballane. Snakk om å få seg ein på trynet!

For å trøysta meg sjølv viser eg nokre andre ballebilete. Dei grøne med skipet i bakgrunnen har si eiga historie. På grunn av fôrknipa i fjor måtte mange norske bønder kjøpa siloballar frå andre land i Europa. Desse kjem frå Nederland. Der slår dei graset fire gonger i året. Då veks det ikkje så høgt som det norske, og er meir næringsrikt. Slik hadde det seg at dei låg i ei norsk fiskerihamn. Dei svarte nederlandske ballane har ikkje så lang omløpstid, og er ikkje så godt emballerte. Difor får dei eit forsterkande lag med lysegrøn plast etter at dei er lossa i ei norsk hamn.

Ballane dekte av svart nett fann eg på ein spasertur i nærmiljøet.