Ein liten aperitiff

Ei lita historie, fritt etter den nyleg døde fotografen Michael Reichmann på nettsida luminous landscape: A og B møtest i eit selskap og kjem i snakk. Ein av dei har med seg den vesle sonen sin.

A: «Spelar du golf?» B: «Eg har prøvt éin gong, men eg likte det ikkje.»

A: «Spelar du sjakk?» B: «Eg prøvde éin gong, men likte det ikkje.»

A: «Fotograferer du?» B: «Eg prøvde éin gong, men nei.»

A ser på den vesle guten og spør: «Eg reknar med at dette er einaste barnet ditt?»

Eg likar å fotografera, men det kjem ikkje alltid noko ut av det. Sist laurdag hadde eg ein heildagstur og kom att med eitt foto, det med 'Savner deg'. Eg veit ikkje kva vedkomande tenkte som skar ei Pepsi-flaske i to for å bruka nederdelen som vase til blomar på grava. Kanskje er saknet like ekte, same kva vase blomane står i.

Det er kjekt å visa foto som ikkje har indre samanheng. Hekken høyrer til serien 'Privatlivets fred'. Eg har ikkje sett ein så perfekt klipt hekk før, og dette var berre ein liten del av han. Jakta på kjempesteinar held fram. Denne er ein av mange ved Fjellgardsvatnet i Vindafjord kommune. Det kan sjå ut som to steinar, men det er éi samanhengande blokk. Mennen eg snakk med meinte eg måtte ha med ein person som målestokk, Eg oppfordra han, og han kunne ikkje godt seia nei.

Det grøne nettet står åleine, medan trossetrevlane inngår i 'Ferjereiser'.