Det skarpe borgarskapet

«Skarpleik er eit borgarleg konsept» sa Henri Cartier-Bresson. Påstanden verkar nedlatande, eller så er det borgarskapet som er idealet. Dei fleste bileta Cartier-Bresson tok var skarpe, ut frå den tids kamera og film (35 mm). Kva er borgarleg, med fotoet som utgangspunkt? Ein spaltist ieit tidsskrift eg nyleg las, seier at skarpleik og toneomfank er maskinelle parameter som ikkje har noko å gjera med menneskets kompliserte måte å bearbeida visjonen på. Han gjer eit nummer av at menneskeauga og kamera (maskina) ser ulikt på saker og ting. Ja, det skulle berre mangla. Spaltisten viser så eit utval foto som er skarpe, og i tillegg så mørke at eg knapt ser kva som føregår i biletflata.

Eg trur at den som arbeider fritt og gjev rom både for det skarpe og det utflytande, truleg er den som har størst glede av fotograferinga. Men i denne bransjen finst det ingen absoluttar. Nokre er lukkelege i den nisja dei har skapt seg. Er konklusjonen då at alt er ved det gamle?

Dei uskarpe fotoa nedanfor er nokre år gamle, medan skarpe (vonleg) sjøplanta på metallplata vart fotografert for nokre dagar sidan.

Og som alltid er bidragsytarane til denne bloggen opne for spørsmål og innspel.