Det kalde og vakre

Gårsdagen – 1.nyttårsdag – kom som ei gledeleg overrasking. Snøen låg lett i landskapet og skapte den visuelle opplevinga eg elskar på denne tida av året. Eg kunne gå rett inn i det praktfullt banale. Måtte det vara! tenkte eg. Måtte det bli kaldare!

I dag er snøen borte. Regnet kjem i kraftige byger. Så det blir lesing av mørk litteratur («Fluenes herre»), kakebaking og lytting til vedunderleg og langsamtflytande klunkemusikk. Det er ingen tittel på omslaget, men musikken er av Keith Kenniff. På innsida av omslaget er det ein stygg drapshistorie som eg ikkje får til å stemma med musikken.

Me må stundom ned i mørkret for å kunna setja pris på lyset. La ikkje noko bli sjølvsagt, ikkje ein gong den lett snøpudra naturen.