Dårleg ver er bra

I mi tid i det såkalla Forsvaret fyrde eg av nokre få skarpe skot på ei skytebane. Eg veit ikkje kor mange skot Don McCullin har bak seg, men som krigsfotograf opplevde denne engelskmannen kule- og bomberegn nok til å halda seg innandørs resten av livet. Det gjer han likevel ikkje. 83-åringen fotograferer som aldri før på heimlege trakter i det vestlege England. Han mistrivst i solskin, men trivst desto meir i grått og overskya ver. Med sin bakgrunn har han alltid i tankane at han er dødeleg, og at det fotoet han nett har teke kan vera det siste.

Utan samanlikning elles mislikar også eg solskinet som fotografisk lys. Eg har aldri tenkt på det store industriområdet i nærleiken som 'heimlege trakter', men det er vel det då. Ein stor del av bileta mine er frå dette området. I dag var eg der igjen, i fem varmegrader, vind og med litt regn i lufta. Eg veit aldri kva eg finn, men har sjeldan gått tomhendt derifrå. Dette er litt av det eg fann. I tillegg plukka eg opp eit dreiespon i metall frå bakken. Det skal eg fotografera seinare.