Dagens sitat I

– Folk seier dei treng å uttrykkja kjenslene sine. Eg er sjuk av slikt. Fotografering lærer deg ikkje korleis du skal uttrykkja kjenslene; den lærer deg korleis du skal sjå.

Sitatet av fotograf Berenice Abbott er attgjeve i ei bok om ein annan fotograf, Harry Callahan. Boka er full av sitat som kan vera tankevekkjarar for oss som fotograferer. Eg kjem til å ta med mange av dei på bloggen etter kvart (Nokre har eg sitert tidlegare, men folk gløymer så fort…)

I tida framover kjem eg til å leggja ut færre foto på bloggen, kanskje berre eitt til to om gongen. Eg tenkjer ofte at eg har så lite å bidra med, men eg vert irettesett om eg seier det høgt. Eg kan også seia høgt at eg er ein sabla flink fotograf, og då får eg høyra at eg må jekka meg ned. I dag bladde eg fort gjennom ein del fototidsskrifter i min lokale Narvesen-kiosk. Det gav meg ikkje så mykje. Som eg har sagt før, mengda av bilete gjer meg blind. Eg må mura meg inne skal eg kunna pusta fritt.

Dagens foto er begge av industriell karakter, ting som er på veg inn i den evige gløymsla. Den rustna strengen fiska eg opp av ein vasspytt. Dei store konstruksjonane, som kan likna på innmaten i eit urverk, er kabeltromlar 6-7 meter i tverrsnitt. Alt har sin sjarm.