Dagbok 1

Onsdag. Tur med kameraten. Målet for turen blir bestemt like før avreise. Knapt ein time seinare er me i ein vindmøllepark med over førti møller; på Fitjarfjellet. Det er med ei viss forventning me går inn i området. Møllene er store og slanke og lysegrå. Ikkje éi av dei bevegar på vengene. Det er daudt og keisamt. I oktober i fjor vart ei av møllene totalskadd av brann, men ei ny er snart på plass. I 2013 vart ei mølle i Skottland øydelagd av brann, og det same hende på Kvaløya i Nord-Noreg i 2010.

Ei regnbyge får oss kvikt attende til bilen. Litt seinare er me i ein næringspark. Tidlegare summa det av aktivitet der. I desse nedgangstider er det forstemmande stille. Og der ligg han. Hansken. Eg, som for lengst har lova dyrt og heilagt at eg ikkje skal fotografera fleire hanskar, løfter han opp og legg han i bilen.

I same området er det ei samling kasserte bustadbrakker, delvis utan vegger. Eg fell for denne lampa. Ikkje for lampa i seg sjølv, men for ein tenkt samanheng. Kanskje har det her losjert ein gjestearbeidar som var lei av standardarmaturet og ville ha noko meir heimekoseleg.


1 response
Et tre, en vindmølle. Gammel og ny tid. Treet har måttet bøye seg for vind og vær gjennom mange år. Vindmølla vil forhåpentligvis være like rett i ryggen, mange år fremover. En forvridd hanske. All innmaten ligger ut. Intet er skjult inni hansken lenger. Men........er det en hanske ? Har det vert en hanske ? Sikker på det ? Tenk om det er rester av et verktøysbelte ??? Uansett har denne " bruktgjenstanden" sikkert gjort godt arbeid. Håper at det til våren vil være tre fuglepar, som finner veien inn døra til hver sitt "trost i taklampa"- rede.