Blendar 1,8

Den franske forfattaren Michel Houellebecq gjorde nyleg furore med romanen «Underkastelse». No har han gjeve seg i kast med fotografering. I sommar har han ei utstilling i Palais de Tokyo i Paris. Der viser han inkjeseiande landskap overfylte med bygningar i forfall – og med noko av den undergangsstemninga som finst i «Underkastelse».

Houellebecq er kritsk til ein del av samtidskunsten, og særleg til eit aspekt ved denne kunsten som ikkje er inkludert i kunstverket:

– … og eg vert heller ikkje overtydd om den kunsten der forklaringane er viktigare enn sjølve verket. Ofte opplever eg at dei teoretiske forklaringane er litt latterlege, seier han.

Det er om lag same kjensla eg får på eit museum for moderne kunst, eller når eg les katalogar med omtale av kunst. Den forklarande personen stolar ikkje på betraktaren, men gjer det heller ikkje lettare for betraktaren å trengja inn i kunsten.

For nokre dagar sidan bestemte eg meg for å dra ut og fotografera, med denne avgrensinga: Eitt objektiv med fast brennvidde 55 mm, og med fast blendar 1,8. Det er berre tull å gjera slikt. Hovudregelen er å vera open for alle dei variablar utstyret har. Litt moro var det likevel. Nokre motiv er som skapte for 1,8, andre er det ikkje.

Har du spørsmål om teknikk eller motiv, så er det berre å spørja. På sjølve bloggen prøver me å nedtona den tekniske sida av fotograferinga.