Blått vatn

Seydisfjördur på Aust-Island hadde ein gong båtsamband med Noreg. No er Noreg valt bort, men byen har framleis båtkontakt med Færøyane og Danmark ein gong i veka. Hamneområdet er velsigna fritt for turistar når eg ruslar der. Trailerane  til Smyril Line står oppstalla tilsynelatande tilfeldig. Eg har ikkje forhøyrt meg om kva Blue Water står for – kanskje Det blå hav, eller som det heitte i sjargongen for lengst; bølgjan blå.

Så hende noko rart knapt ein månad etter eg kom frå Island. Eg var i Nærøydalen for å fotografera grus- og sandbankane i elva der. Riksvegen kunne skimtast som ei lita stripe langt borte. Eg bestemte meg for at eg ville ha ein bil med på fotoet. Den første var det ikkje noko stas med; ein mørk personbil. Like etter kom denne lastebilen. Eg hadde to sekund til å ta biletet før han forsvant bak trea. Først etterpå såg eg det prangande namnet på lastebilsida. Som det heiter: det er ikkje stor kunst, og takk for det, men moro likevel.