Betty

 

Fyrste gong eg såg dette biletet måtte eg straks finna ut kven som hadde laga det, så flott som det var.  Biletet, det heiter Betty, er eit maleri, måla i fotorealistisk stil. Skaparen er Gerhard Richter, ein av de mest kjende tyske kunstnarane etter krigen. 

Richter er i dag ein eldre mann. Med ein stor og omfattande produksjon har han sett djupe spor etter seg, og påverka ein heil generasjon av kunstnarar, skal ein tru kunstleksikona. Nokre av arbeida hans er omstridd av kritikarane, fleire meiner kan bikkar mot klisjèane.

Richter er allsidig og har arbeida både abstrakt og (foto)realistisk. Påverknaden frå fotografiet skin ofte igjennom. Han har uttalt at etter krigen har fotografiet blitt viktigare enn maleriet, og at maleriet bør streva etter å facinera like mykje som fotografiet. Enkelte kritikarar viser til Richter som døme på det som har hendt maleriet i etterkrigstida. At det har blitt mindre viktig som kunstuttrykk.

Men tilbake til Betty. Ho er som sett gjennom eit kameraobjektiv med tydeleg djubdeskarpe. Det er ei kvinne i ei slåande kvit drakt med raude blomar, fanga akkurat i det ho snur seg vekk. Eit portrett utan andlet, det er drakta ein først legg merke til. Eg må lura på posituren, kvifor er ho fanga akkurat når no snur seg? For meg er Betty ei hyllest til fotografiet. Den fryste augneblinken si gåte. Det var ei av dei første bileta eg såg som fekk meg hekta på kunst. Og på fotografi.