Hagefotografering

I Sverige og England er det ein yrkestittel. Men i Noreg har ikkje trädgårdsfotograf eller Garden Photographer så høg status. Det å fotografera hagen er rein meditasjon, ein slappar av og tuslar uforpliktande rundt, filosoferer og funderer på nye motiv. Ein hage er avgrensa, så utfordringen vert å fornya seg, å prøva sjå hagen og motiva der med nye auger.

Mi ega hagefotografering avgrensar seg vanlegvis til storblada stauder, slike som rabarbra, alatrot, valurt. Seinsommar og haust er den beste tida å fotografera i hagen. Det ligg noko melankolsk i lufta. Det grøne spirande råtnar og vert til jord, plantene kryp i hi og lagar seg klar for vinteren.  

                                                                                                                                                                               -Roald                                                                                                                                                                           

















Arles. Snapshots.

Fotofestivalen i Arles er ikkje berre storslåtte fotoutstillingar og høgt profilerte stjernefotografar. 

Det er og heftige nattlege bydelsfestar med musikk og dans i gatene, og små snodige lysbildeshow projiserte på fasaden til naboen, frå andre naboen over gata. 

Små vekkgøymde fotoutstillingar i stille bakgater. 

Fem etasjars kontorbygg omgjort til utstillinglokaler med raud film på alle vindu, og lysrøyra skifta ut til raud type, som i eit gammalt mørkerom. 

Ein foto-performance, som var samansmelting av lysbildeshow og poledance (ja det er sant). 

Og overalt, overdådig mange fotobøker. 

Alt som har med fotokunst å gjera, frå alle verdenshjørne.



Til Syden

Det er forlokkande billeg med flyreiser for tida, og familien var nettopp ein tur til Pisa. Me budde i Tirrenia, ein liten badeby ved kysten, tre kvarter med buss frå Pisa. Det var før sesongen, det litt slitte og altfor store hotellet var nesten tomt. Tyske pensjonistar heldt oss med selskap i frokostsalen. 

Middelhavet er kaldt i mai, iallefall for badepyser som meg. Derfor vart det mest spasering langs ei tilsynelelatande endelaus strand. 

Alle turar må dokumenterast, denne også. Sydenbilete er ein folkeleg fotosjanger. Norske småbarnfamiliar har datamaskinen fullt opp av snapshots med ungar, sol og sand. Ein eim av solfaktor femti dunstar ut frå det heile. 

Det å gjera bra sydenbilete er vanskeleg, kjisjèfellene ligg tett. Men det er lov å prøva, og klarer eg å få fram litt sydenmelankoli i bileta er det fint. For me er berre på besøk, og snart er det heim igjen. Til jobb og rutineliv.

                                                                                                                                                                             - Roald



Eit rom med utsikt.

Ei langhelg i slutten av mai var det tur til Riga. Slektningar inviterte og organiserte.

Hotellet me budde på, plassert i den såkalla gamlebyen, er eit ombygd middelalderkloster. Det består av tre, fire sjølstendige bygningar, innanfor klostermurar. Ein slags hotell-labyrint å gå seg vill i. Rommet mitt var plassert rett over hotellresepsjonen, med ei lita gate midt i mot. 

Å fotografera slike middelalderbyar er vanskeleg, det vert mykje klisjèar, og då ikkje eingong morosamme klisjèar. For unngå å gå i denne fella (igjen), tenkte eg å fotografera gata frå hotellvindauga. Og kun det. Det var ein god idè, eit passeleg lite prosjekt å jobba med. Og den meiningslause trongen min til dokumentering vart tilfredstilt.

Roald Sundal













Det metafysiske i ein kvardagsleg oppvask.

 Av og til er det naudsynt å stoppa opp og tenka seg om. Til dømes over dei daglege repeterande handlingane våre. Vask av skitne gryter og rydding av kjøkenbenk er slike naudsynte plikthandlingar me må gjennom.

For gjera dette kjedelege arbeidet meir meiningsfylt, tenkjer eg at oppvask er zen. Eg prøver å setja meg sjølv i ein zen-tilstand. Skyva vekk alle tankar og konsentrera meg heilt om dei tinga som er oppvasken i seg sjøl, gryte for gryte, fat for fat, kost, fille, kjøkenbenk og oppvaskmaskin. Prøver å utføra oppgåvane så godt og nøyaktig eg kan. 

Med dette oppnår ein meditasjon. Oppvaskmeditasjon. Hjernen koplar ut og kviler, det kjennes godt, og oppvasken får ei høgare meining og vert viktig.

(Lagt inn av Roald Sundal)


Oppvask

I kunstakademisk samanheng høyrer ein ofte tala om verk. 

Eg vil og be om lov til å definera bileta mine som verk. Men då i tyding verk som i verkebyll. Ein innvendig verkebyll som må stikkast hol på. Når verkebyllen er punktert kjenner eg ro og harmoni. Metoden er å fotografera objekta rundt meg, då får eg det ut, som det heiter. 

Som fotoamatør er fotografering noko ein gjer når overskot er der, ein bonus etter rutinedagar med jobb og familiære, huslege plikter. Det er alltid eit innvendig press etter å skapa, å fotografera. Det gjeld å finna nye vinklingar, detaljar i den rutineprega kvardagen som ikkje er oppdaga enno. Og som kan løftast ut av rutinekvardagen. 

Det store augneblinken er når noko tilsynelatande trivielt, gjennon eit avtrykk på minnebrikka, kan hentast ut, handsamast, og verta til noko anna. Noko som er større enn det vanlege livet.

Som oppvasken. Av og til kan den vera vakker. Det gjeld berre å sjå.

(Lagt inn av Roald Sundal)









Om fotoidèar

Av og til  dukkar det opp idèar til biletserier, tilsynelatande av seg sjøl. 

Eit av desse, for meg sjeldne augneblikka, hende i vinterferien, på ein heller kjedeleg hyttetur til Vågslid. Det var ein av dei dagane med våt nysnø og klabbeføre. For å få litt luft frå ei hytte med to familiar innestengde, gjekk eg langs vegane i hyttefeltet. I dei høge brøytekantane laga det seg brått til med skrifttegn og symbol, og eg tenkte på det merkelege at mennneket ser slike ting i naturen.

For meg var denne opplevinga eit påskot til ein ny fotoserie. Denne serien vil nok havna på haugen av oppbrukte fotoklisjèar, men det bryr meg ikkje. Det viktigaste er at det er noko å sjå etter. Om ein er på Vågslid eller i Venezia.

Venezia i mars

Venezia er ein av dei mest gjennomfotograferte byane i verda. Eller for å seia det på ein annan måte; Venezia er alle fotoklisjèars mor.

Eg var så heldig å tilbringa ei vårleg langhelg i denne flotte og spesielle byen. Å fotografera Venezia er ein fest. Utanom dei obligatoriske gondolane, kanalane og bruene, finn ein usannsynleg slitte mursteinfasadar, søppel, prydeleg innpakka påhengsmotorar, og japanske turistungdomar i polkadotbukser. Nok å ta av, altså. Har valt nokre fotografi tatt i tidlege morgontimar då nattskodda framleis hang over byen og laga ei mytisk tidlaus stemning. Ideell for fotografering av Venezia-klisjèar. (Lagt inn av Roald Sundal)