Bruk vinteren

Ja, det er kaldt, blåsande, regn, såpeglatt og lite lys. Motiva her er ulike, men med snøen og isen som fellesnemnar. Det øvste motivet har eg venta på lenge. Stråa stod i vatn med små krusningar kring seg. Så kom isen – etter ei stund med smeltevatn over seg. Då var det ut med kamera. Etter to eksponeringar kom regnbyga, men eg fekk det eg skulle.

Når snøen er komen gjer samfunnet sitt beste for at folk og bilar skal kunna koma seg fram. Så tinar snøen, men spora etter brøytebilen ligg att. Eg las nyleg om ei fersk fotobok med vakre snømotiv. Her gjer eg det motsette – travar omkring i eit handlesenter og har glede av dei møkkete små fonnene som framleis ligg der.


I siste liten

Når mørket senkar seg og all von er ute, kva gjer eg då? Murar meg inne og ventar på noko vedunderleg. Og så skjer det. Først kjem det tynne snølaget, så sola, så sundagen. Eg veit nøyaktig kor eg skal. Til Halleraker på Bømlo. Det er ingen parkeringsplass der eg stig av, men pyttsann. Eg jamnar ei grop i vegkanten, og set bilen frå meg berre litt innafor den kvite stripa.

Det er ingen folk der eg går på det kvite teppet Eit svakt sus frå sivilisasjonen ligg i lufta, men eg kan velja å ikkje høyra det.

Sola står rett i andletet. Det er vindstille. Eg likar å ikkje veta kva som ventar meg ein ny stad. Her veit eg kva som ventar. Der står den vindblåste furua. Der står dei to spinkle vindjaga bjørkene. Grupper av strå stikk opp av snøen. Alt er kjent, og alt er nytt. Ikkje noko hastar.

Denne dagen kom i siste liten. Når han først er komen, så veg det opp for mange veker med grumsegramsegrufs. Eg veit eg må heim før eller eiler seinare, men det kan venta til seinare.


Snødyna

Gjestebloggar: Lars Bø

Etter ein del dagar med naken og sovande natur, kom endeleg den kvite og mjuke snødyna og la seg over alt. Det ser ut som vinteren i gamle dagar då eg var berre småguten. Som den gongen er alt det grå og triste omskapt til runde, reine og kvite former. Slik vert det til vårsola kjem og forundarleg nytt liv bryt fram med farge og kraft.

Det første biletet er bubilar i vinterdrakt - slikt såg eg ikkje som smågut; det andre er gravsteinar..


Sally

Den amerikanskje fotografen Robert Adams (ikkje Ansel, slik det har stått her på bloggen nokre dagar) hadde ein hund som heitte Sally. Turkameraten min  – ihuga fotograf – hadde også ein hund som heitte Sally. For eit par dagar sidan kom Sally i hus, boka om Sally Mann, den kjende amerikanske fotografen: «A thousand crossings». Eg veit ikkje om Mann har hund, men ho har eit fotografisk livsverk som kan pusten frå den mest bornerte.

Eg må vedgå at eg kjøpte boka for å læra, og kanskje gå i fotspora hennar, men ser at eg har like stor sjanse til det som ein snøball  helvete. Det er lite produktivt og ganske dumt å ikkje gå sine eigne vegar. Eg kan likevel ikkje fri meg for at bileta til Mann sit i bakhovudet. Det gjorde ho då eg plaska ute i regnet i dag med kamera og paraply, noko eg ikkje gjer til vanleg. Det var mørke midt på dagen, men ikkje i same tyding som i romanen med same namn. Med stativ går det meste bra (det øvste biletet). Blendaren er vid open.

Det midterste fotoet er tatt med eit lommekamera, og også her med med vidopen blendar (1,8). Eg har gått same ruta fleire gonger, men merkeleg nok ikkje sett motivet. Det nedste fotoet er frå ein av dei turane kameraten og eg går oftast. Kameraet er til å putta i lomma. Dersom ein legg litt pengar i eit lite kamera er det vanskeleg på ei nettside som dette å sjå skilnad på prestasjonen til dyre og rimelege kamera.


Endeleg ein som forstår

På den svenske nettsida meritwager.nu kom eg over kunstnaren Walter Ihrenbrink. Difor viser eg biletet av doane enno ein gong, i ny og utvida utgåve.

Ihrenbrink fascinerte meg, men eg kom etter kvart til at han truleg ikkje eksisterer, sjølv om nokre av arbeida hans er viste på nettsida. Eg skreiv til Merit Wager og bad henne fortelja litt om Ihrenbrink. Tilbakemeldinga var svevande og ullen, og gav ingen haldepunkt. Eg takka for svaret og la ved fotografiet av dei møysommeleg arrangerte doane.

Så fekk eg nytt svar, som eg siterer her:

«Bäste Olav Bjørkum!

Jag bad Waldemar Ihrenbrink titta på den fantastiska installationen av porslinsföremål. Detta här är hans syn på konstverket:

Tack för bilden av ett epokgörande konstverk som jag förstår kommer at förpassa de flesta nu utställda installationer til konsthistoriens bakgård.

Iden bakom iscensättningen berör mig djupt – här är det någon som vågar att bryta de mest fatlåsta tabun som omgärdar vår alltför rigida sällskapskontext. En toilet är en toilet är en toilet, tänker du. Ingalunda säger jag, nu när den har upphöjts og antar metafysiska fomer.

Tänk bara på kompositionen – jag er övertygad om att objekten grupperar sig kring det bruna locket – åldermannen så att säga. Här ser vi en klar förbindelse kring pygmearnas liv i Kongobäckenets djungel, ingen jaktexpedition utan ett samråd och en samling kring åldermannen. Just förbindelsen av det basala avföringens avhändande och deponering, parad med et intimt samråd kring livets mest påträngande frågor ger hela installationen djupt mänskliga dimensioner.

Men om du tillåter en rent personlig reflektion, så er nok verket måhända en aning svårsält – att ha den i et vardagsrum kan, även hos den mest inbitne konstkännare, kanskje kännas främmande.

Å andra sidan om verket förpassas til ett mera anonymt utrymme, kan det förleda individer som inte ser storleken i verket til ytterst pinsamma aktioner som nog tyvärr inte gagnar konsten.

Med vännlig helsning,

Waldemar»

Det var eit smigrande svar, som gjorde meg endå meir overtydd om at Ihrenbrink ikkje finst.

Same dag som eg fotograferte doane fann eg ein haug med kasserte sveisehanskar i ein kontainer, og samstundes nokre jernplater med sveisespor.

Så ønskjer eg mine ein eller ti følgjarar, og bidragsytarar, eit godt nytt år.



Rimkåpa

Stundom varer det berre éin dag. Rimet dekkjer naturen, og så er det borte. Det er ei frygd å vandra på turstiane ein slik dag, å fortapa seg både i heilskapen og detaljane. Det er ikkje skapt av eit medvit – det er blitt.

Den svenske kunstnaren Waldemar Ihrenbrink måla mellom anna eit heilsvart kvadratisk bilete, og eitt heilkvitt. Kritikarane let som dei skjøna seg på maleria, og kom med merkelege og uforståelege utsegner.

Ihrenbrink sa berre at eit kvitt kvadrat er eit kvitt kvadrat er eit kvitt kvadrat. – Om du ser ein 'ekte' Ihrenbrink med berre den minste antyding til motiv, så er det ei forfalsking. Eg blir lei meg når kritikarane prøver å finna ei djupare meining i mine ikkje-eksisterande kunstverk, sa han.

Eg var glad eg ikkje var i Syden den dagen naturen kledde seg i kvitt utan at det hadde falle ei einaste snøfille, og utan intensjonar. Heller kalde fingrar enn solbrent rygg.


I flomålet

Gjestebloggar: Lars Bø

Mange i Noreg har sjø og strand som ein viktig del av livet. Stranda er ofte lett tilgjengeleg. Det er hit mange tar turen for å slappa av, leika og oppleva fred og ro. Sjøen har ei magisk kraft som påverkar vårt indre. Lyden av bølgjene som rullar mot strand eller brusar med stor kraft, må berre opplevast. Og det er lett å bli sitjande lenge.

Flo og fjøre gjer det ekstra spennande. Delar av landet vert vekselvis gøymt og vist fram. Samstundes har me dei speglande eigeskapane til vatnet. For den fotograferande er dette svært spennande. Sjølv vert eg dregen til stranda titt og ofte, og brukar mykje tid der. Det er alltid noko nytt å oppleva. Barneborna vil gjerne vera med.

Her har eg plukka fram nokre glimt frå året som snart er omme. Eit gamalt gjerde som veks og søkk i sjøen, og like ved ligg 'gullklumpen' som dukkar opp ved fjøre sjø. Ein kai viser seg fram med pålar og algevekst. På ein båttur langs stranda dukkar 'Atlantis' opp. Ved svaberga fløymer ålegraset utover sjøen.


Alt kan fotograferast

– Alt kan fotograferast, ifølgje dei store fotografane som har fått legendarisk status. Det skriv eg gjerne under på, men kva med resultatet? Er det mogleg å få dei mest banale motiv til å skina? Ja, det hender, utan at eg vil ta mine eigne fotografi til inntekt for påstanden. Det er moro å leika oppdagaren; å sjå spor av det store i det små. Å oppdaga ei samling øydelagde doar får tankane til å arbeida. Korleis nærmar eg meg denne porselenshaugen på ein måte som får han til å stå fram, om ikkje skinande, så i alle fall på ein måte eg er nøgd med sjølv?

Denne laurdagen har eg nærma meg svært ulike motiv. Aluminiumsplata fann eg i ein konteiner med metallavfall – ein konteiner eg tittar oppi kvar fjortande dag. Det var eit jernstykke der som eg må ha bilen for å få med meg, så eg måtte nøya meg med den vesle plata på 8 x 10 cm. Det var for dårleg lys ute, så eg fotograferte henne inne i lampelys.

Plantedelar er gjevande å utforska, og stundom er det verdt å fotografera dei. Løken har mange andlet, også det tynne, ytste skalet.

Slik kan ein fotodag arta seg. Eg har like stor glede av prosessen som det ferdige resultatet.


I forbifarten

Gjestebloggar Lars Bø


Eg skulle gjerne fotografert på heiltid. Men med både familie, hus og heim er det ein hel del andre ting som må gjerast. Men når eg fer slik og handlar, vitjar legen, har bilen på verkstad m.m., så får eg brått auga på motiv i sidesynet. Kva gjer eg då? Lærdom frå tidlegare gjer at eg alltid har med kamera. Eit raskt blikk i bakspegelen – nei, der er det bilar. Så vert det ein liten runde før eg endeleg kjem på plass. Det er kanskje galskap, men moro.

Slik fekk eg festa eit einsleg bussventeskur til brikka. Det var ein gråkald haustdag langt frå urbane strøk. Den tette oreskogen understreka stemninga.

Ein dag fekk eg med meg huset og byen. Det nye kulturhuset i Molde og den nære busetnaden.

Like ved trelasthandelen heime står det store kornsiloar. Saman med den gule bygningen og den knall blå himmelen var det akkurat slik det skulle vera.

På ein tur på Ørlandet vart det også litt underleg køyring før eg fekk med meg den gyldne låven, rett før sola gjekk ned.

Det er slikt som dette som er bilete i forbifarten, eller bonusbilete, om du vil.


Variasjonar over geiteramsen

Geiteramsen breier seg over landet. Han er fin i store mengder, men nesten finare når han har sett frø og sleppt dei. Då er fargeptakten borte. I staden har dei smale frøbelgane krølla seg i bortimot sirkelrunde former. Slik kan han stå så godt som uendra i fleire veker. Fotografen har i alle fall to utfordringar. Den eine er vinden, som får geiteramsen til å vifta ved det minste pust. Det andre er bakgrunnen, som gjer det vanskeleg å få planten til å stå reint fram.

Løysinga på begge utfordringane, for min del, er å bruka det vesle heimestudioet i friluft og under tak. Då held dei seg i ro og står tydeleg fram. Så er spørsmålet om planten skal ha sin naturlege farge, eller stå fram i svart-kvitt eller med ein varm tone. Det eine kan vera like bra som det andre. Då blir det ein del eksperimentering. Men same kva ein finn på, så er geitramsen visuelt svært vakker.

Heimestudio med svart bakgrunn

Heimestudio med svart bakgrunn

Friluft mot mørk skogsbakgrunn.

Friluft, med himmelen som bakgrunn.

Friluft, mot opninga til eit gamalt sagbruk.