Nytt tema

Det er nesten så eg gløymer at eg har ansvar for ein blogg når skyer og sol vekslar, og eg sjølv vekslar mellom hagearbeid og jakt på nye fototema. Siste fikse ideen er eldre løer på Vestlandet, av den typen som knapt blir lagde merke til av ferierande og andre turistar. Eg visste ikkje at det fanst så mange løer på relativt små område, så truleg har eg tatt meg vatn over hovudet; har i alle fall arbeid i fleire år framover. Det er grenser for kor mykje av den slags ein kan presentera på ein blogg, så eg får venta til eg har meir å velja i.

Først litt Island att, turistfoto frå Seydisfjördur på Aust-Island. Byen dukkar opp etter ein lang nedfart frå fjellet. Det første me ser i skumringa er namnet Seydisfjördur som lyser i lia over byen, à la det meir vidgjetne Hollywood-skiltet. Som i så mange islandske byar dominerer bølgjeblekkplatene som kledning på husa, også på kyrkja. Denne varianten av ei campingvogn (nest siste foto) har eg ikkje sett før. På ungdomdherberget svirrar mange tungemål, og klesvasken heng heimsleg i korridoren.

Fleire foto frå Island kjem med ujamne mellomrom.


Fotografens eige univers

Nyleg kom eg i skade for å seia til ein kollega at eg ikkje likte dei siste bileta han viste meg. Eg angra med det same, for eg hadde inga god grunngjeving. Seinare kom eg til å tenkja på eit sitat av filosofen Immanuel Kant: «Das Ding an sich und das Ding für mich»: Tingen slik han verkeleg er, og slik min person oppfattar han. Kollegaen min har eit langsiktig prosjekt som vitnar om stor fantasi og, tålmod, trass i at resultatet ikkje kan bestemmast på førehand.

Eg har tidlegare hevda at fotoet er verdilaust om det ikkje har eit publikum. Men foto utan publikum har i allefall eitt publikum – skaparen av biletet. For han er opplevinga dobbel. Ein lang skapingsprosess kan involvera alle sansar. Som utanforståande veit eg kva biletet har blitt – for meg – men ikkje kva det har vore og er for fotografen. Og som fotograf er eg glad for den meirverdien skapinga tilfører.

Vedlagde bilete har lite å gjera med teksten ovanfor. Dei viser litt av kontrastane i byen Skudeneshavn. Utanom sjølve bykjernen er det så som så med idyllisk arkitektur.


Moro med kunst

Stundom morar eg meg over samtidskunsten. Eg har store vanskar med å sjå kva denne kunsten drøftar, problematiserer eller analyserer, som det heiter på fagspråket, eller om han berre er tenkt å vera ei lise, eller malise, for sjela. Det slår meg at meingsløyse av og til kan vera tilsikta.

Byen Seydisfjördur aust på Island reknar seg som eit sentrum for kunst, med skiftande utstillingar fleire stader. Me hamna på utstillinga Ró Ró, i andre høgda på Skaftfell Bistro. Der var det mykje å undrast over. Diverre noterte eg ikkje namna på kunstnarane. Ei lang remse av ull er sikkert ei drøfting av forholdet mellom naturvern og sauebeiting, som er reelt på Island. Her er også ein nevestor, farga gipsklump. Eg veit ikkje kva den problematiserer; kanskje er den eit resultat av bearbeiding av sinne og frustrasjon. Det vesle samantulla tøystykket kan òg vera i same gate. Sant og seia fann eg det i skittentøykorga heime.

Franskmannen Philippe Clause sit og heklar i eit lite lokale i sentrum av Seydisfjördur. Blid og imøtekomande. Som designar er han eit fyrverkeri, berre sjå heimesida hans, esualc.com


Kast foto!

For nokre veker sidan fekk eg melding om at eg måtte fornya abonnementet på nettsida mi. Såpass forstod eg av den engelske teksten, resten forstod eg ikkje. Så no svevar bileta mine ein stad i verdsrommet, blokkert for alle. Dei ligg på datamaskina og på harddiskane mine, men der er det heller ingen som ser dei. Mange meiner me må bli flinkare til å gje slepp på bileta våre. Kast! Skjer inntil beinet! Den siste som minte meg om det var Tim Clinch i Black + White Photography: Prøver du å tilfredsstilla alle, endar du med å tilfredsstilla ingen. Vis meg tre sterke , vakkert presenterte foto, og eg vil ønskja å sjå meir. Vis meg 33 foto, og eg vil byrja å kjeda meg før me er halvvegs.

Nettsida mi skal nok på lufta att, men med langt færre foto. Så attende til Island. Seydisfjördur er ein liten by langt aust i landet. Hit gjekk det tidlegare ruteferje til Noreg. Den er innstilt. Også når eg er i utlandet oppsøkjer eg plassar med skrap. Det er spennande å sjå kva andre kaster. På Island er naturen rein og naken, og kontrasten til skrapet vert desto større. Så spørst det kva som er verst,  den materielle forsøplinga, eller den visuelle i form av foto. Med tanke på framtida er eg ikkje av dei som trur alle bilete har evig verdi. No skal eg rydda i mitt digitale skattkammer.


Kjærkome drivgods

Ei reise på langs av Nord-Island er ikkje for sarte sjeler som likar variert skog med fuglekvitter. Her og der dukkar det opp mektige strender, og tar du kvilepausen på slike stader får du mest truleg sjå store mengder drivtømmer. Drivtømmer har vore brukt så lenge det har budd folk på Island, og til tider kommersielt. Framleis vert slikt tømmer brukt i husbygging. Politisk har det vore oppmuntra til bruk av drivtømmer av di det ofte er gode tresortar, til dømes lerk. Sibir er ein sikker 'leverandør' av drivtømmer.

For hundre år sidan var det ein verkstad på Nordvest-Island med snikkarar som hadde drivtømmer som råvare og hovudinntekt.

Det er ikkje til å unngå, i vår tid, at det også hopar seg opp vanleg søppel, for det meste plast. Nederst eit lite plastflak som har sett seg fast i lavasanden.


Den frie fotografen

Til trøyst for den som famlar i blinde: Black+White Photography har merkt seg at fotografia til Doug Chinnery er påfallande varierte.

– Eg har tenkt mykje på dette, seier Chinnery, – for dersom du les om kva som er venta av ein fotograf, så er det visst meininga at han skal utvikla ein spesialitet og bli kjend for ein spesiell sjanger, slik at arbeida kan identifiserast med personen. Denne forventninga har plaga meg i mange år, men no har eg bestemt meg for å ikkje bry meg. Det er svært vanskeleg å setja meg i bås som fotograf. Eg er ganske enkelt ein friluftsfotograf som likar å fotografera allslags ting. I dag har eg drive med gatefotografering og litt arkitekturfotografering. Eg elskar landskap og macro. Eg fotograferer det som fangar auga og set fantasien i sving.

Så langt Chinney. Eg vimsar også omkring. Stundom veit eg kva eg er ute etter utan at eg veit det.

Eg viste ei sigarettøskje i førre blogginnlegg, og viser berre éi til no, for eg fall for illustrasjonen. Namnet Romania finst på pakken, så då er vel også språket rumensk.

Endå eit motiv med ein historie. Ei lita jente i yr glede over ny dokkevogn. Så går det som vanleg i vårt overflodssamfunn – den rosa plastkreasjonen har datostempling, kanskje fell ei tåre, men så vips er vogna ute av syne og sinn, og som ei ny forureining av miljøet.

Den vraka presenningen står fram mjuk og fin, og med eit dunkelt djup som kan setja fantasien i sving.

Det såkalla tapekonseptet har eksistert i kunstverda ei stund. Denne kreasjonen er utstilt i taket på ein tilsidesett kontainer. Ein kunstkritikar kunne sikkert fylt fleire spalter om verket. Eller kanskje ikkje.

Glansbiletet og antifotoet

Årboka til Norsk selskap for fotografi ligg på salongbordet. Boka viser det beste norske fotoamatørar kan by på. Fantastisk, tenkjer eg. Misunninga piplar fram. Kvifor er ikkje eg like flink? Så kjenner eg motviljen, og til slutt det gode bokmålsordet 'vemmelse'. Kva er det som ikkje stemmer? Boka er volumiøs og einspora. Dataprogramma Photoshop og Lightroom ligg som ei tjukk hinne over det heile. Bileta er glatte, utan motstand, meiningsfylde eller nerve. Dei er polerte, kolorerte, iscenesette, koreograferte. Impulsiviteten er borte. Strevet etter det fullkomne har drepe fotografiet. Det er honning, servert med sukker på toppen.

Tilmed foto som er meinte å skapa ei viss uhygge er omhyggeleg tilrettelagde. Dei fell pladask igjennom.

I tilleg kjem yrkestitlane på fotografane. Dei tilfører boka ein viss humor som må vera utilsikta: Pensjonert lærar, fagarbeidar, operasjonssjukepleiar, assistent i barnehage, trygda grunna kreft, fotokunstnar, sjølvstendig dagdrivande, tidlegare dagleg leiar, undermålar…

Det finst foto å gle seg over, men hovudinntrykket er ei slags semje om korleis amatørfotografiet skal vera, og at impulsar utanfrå kan vera skadeleg. På den andre sida veit eg at amatørane dyrkar hobbyen sin med stor glede, at det er mental helse i kvar eksponering, og at dei har rike og gode sosiale fellesskap. Det er ikkje dét det handlar om.

Eg får lyst til å introdusera ein nye sjanger, anti-fotoet. Men eg veit ikkje kva eit antifoto skulle vera. Kanskje slik som bileta nedanfor?

Bilferja «Gloppen». Tristare ferje skal ein leita lenge etter. Sjå for deg ei gamal dame som sit på inste setet og glor i veggen i førti minutt. No veit eg kvifor strikketøyet og spenningsromanen er oppfunne; for å hindra utbrot av galskap under slike forhold.

I vegkanten: Eg er svak for sigarettøskjer med påtrykt moral frå styresmakter som tillet sal av svineriet.

I vegkanten: Det sunnaste i junkfooden ligg att på botnen.

Utan leidningar kollapsar kongeriket. Sjå for deg eit hus der alt er borte, berre leidningane heng att i lufta.


Millionar for ei kløft

Eugene er ein mindre by i staten Oregon, vest i USA. Der bur fotobloggaren Blake Andrews, og eg fell for freistinga til å gje att litt av tankane han gjer seg om nokre av dei dyraste fotografia i verda.

Eugene vil gjerna vera eit senter for kunst, og på Jordan Schnitzer Museum heng for tida tre foto tekne av Peter Lik. For dei fleste er han ukjend, men han er nemnd på obsfoto tidlegare. I fjor selde han fotografiet «Phantom 2013» for 6,5 millionar dollar (52 mill. kroner). Det vart ei forferdeleg røre i kunstkrinsar; handelen rysta the establishment. Fyren var amatør, utan kunstnerisk utdanning. Han høyrde ikkje til i det gode selskap. Ikkje nok med det; i etterkant har han selt to foto til for millionsummar, slik at han samla for tre foto har håva inn 80 mill. kroner.

Andrews tok turen til museet for å sjå på herlegdomen. Han tykte bileta var keisame, på linje med mykje anna som hopar seg opp i musea. I tilfellet Peter Lik fekk finkulturen ein på trynet, kommenterer han.

Men heile poenget er, i dette tilfellet, skattesystemet. US-statane har ulike skattereglar. I Oregon får kunstseljarar monaleg skattelette på salssummen dersom bileta har vore utlånte til ein institusjon og viste offentleg i eit bestemt minstetidsrom.

Eg har nemnt før at eg ikkje er storforlangande, så eg skal seia meg nøgd med eit par hundre tusen for nokre av mine foto.

Biletet Peter Lik vart rik på,  viser - i svart kvitt - botn av ei kløft (canyon) der ei stripe sandstøv reflekterer lys ovanfrå.


Fugleskremselbyen

Etter å ha forlate vaskebrettet sør for nasjonalparken Jökulsárgljúfur, var det himmelsk å koma inn på ein normal veg i retning Kópasker. Eg og reisefølgjet fryda oss som born.

Eg har sett Kópasker framheva som ein vedunderleg stad. Det skjønar eg ikkje, men opphaldet vårt var for kort til å oppdaga det eventuelt vedunderlege. Byen hadde 122 innbyggjarar i fjor. Dei få husa er ordna i eit kvadratur, med kyrkja utanfor sentrum på eine sida og saueslakteriet på andre sida. Trass få folk er her barneskule, barnehage, fotballbane, ei tenleg fiskerihamn, ein seismisk målestasjon, butikk og farfuglarheim (ungdomsherberge) og kyrkje. På kveldsturen møtte me tre-fire personar og ein golden retriever.

Etter vårt ønskje greidde kassadama i butikken å trylla fram eit enkelt, varmt lite kveldsmåltid.

I byen og nært omland er det over hundre figurar av type fugleskræmsel, nokre av dei bra forseggjorde og ikkje utan humor.

For snart førti år sidan fekk by og hamn store skader i eit jordskjelv som slo ut på 6,2 på Richters skala. Island har om lag 150 jodskjelv kvar veke. Dei fleste er knapt merkande.


Fossar og vaskebrett

I Akureyri leigde me bil for å reisa austover, sørover og vestover til Reykjavik. Utleigaren snakka bra norsk etter fleire år i Noreg. Eg er svak for fossar, og aust for Akureyri ligg to fossar som er absolutte reisemål. Godafoss (foto 1) skuffa ikkje. Store vassmengder frå innlandet samlar seg i elva Skjálfandfljot og dannar Godafoss på veg havet. Fallet er berre 12 meter, men fossen er like fullt mektig!

Dettifoss i nasjopnalparken Jökulsárgljúfur er endå mektigare. Frå ringvegen kring Island kunne me velja mellom to vegar. Me lytta til rådet frå bilutleigaren, og angra bittert (foto 3). Nesten tretti km med vaskebrett – systematisk 2. girs vaskebrett – og hundre prosent omgitt av øydemark. Islendingane bygde vegen, og må ha overlate vedlikehaldet til djevelen. Ved avkøyringa til Dettifoss såg me fosserøyken knapt éin km unna. Då var det seint på dag, og me var så fillerista av vaskebrettet at me gav blaffen i ei vakker oppleving. Dettifoss er 44 meter i fallet og hundre meter breid.

Men ringvegen kring Island er god i nesten heile si lengd (foto 4). Eg køyrde makeleg, og andre bilar  fossa forbi meg.

– Din elendige gapahuk, ropa eg til dei,  – din fjøsnisse!

– Hald deg på rett side av vegen! kom det frå reisefølgjet mitt.

Foto 2 viser ein lavaformasjon nær Myvatn. Lavaen boblar opp, størknar og brest.