Negativt på ein positiv måte

Henta frå ein skulestil: – Noen ganger er det kunst på skolen, enten en kunstner med skjegg, eller en dame som har vevd et eller annet. Jeg kan ikke forstå at vi elever må tvinges til å høre på slikt. Det kan heller ikke være meningen at vi som samfunn skal være med på å holde den slags mennesker i live. De kunne da like godt ha jobbet, de som andre. (Frå elevsitat samla av Niels Vogel)

Det hender eg likar eit foto betre når det blir negativt. Det øvste i serien var dunkelt på originalen. Det opna seg då det vart negativt, og eg fekk lyst til å vandra inn i den svaiande bregneskogen. Ein gong i urtida kunne det kanskje la seg gjera, for då var bregnene visstnok mykje høgare.

Det nederste fotoet er ein tilfeldig blå strek på bystasjonen i Bergen, og som glødde meir då han vart negativ.


Kjempene i Myrkdalen

Vegen mellom Voss og Sognefjorden går rett nord gjennom Myrkdalen. To stader på denne strekninga lig ein del fjellblokker som alltid har fascinert meg. Før oppstiginga til Vikafjellet er det ei strekning som førebels ser ut til å vera verna mot skiturismens raseringar. Her ligg ein del blokker tilfeldig strødd utover (Dei tre første fotoa). Kanskje vart dei førde hit då innlandsisen smelta, for det verkar ulogisk at dei kan ha ramla ned frå dei slakke fjellsidene i ettertid. Ein geolog kan sikkert svara. Kanskje finst det folkelege forteljingar om troll som har kasta stein i sinne.

Nærare Voss, litt nord for Tvindefossen, ligg steinblokker som tydeleg har rast ut frå fjellet (dei to siste bileta). Mektige og vektige er dei uansett. Skulle likt, eller kanskje ikkje, å ha vore til stades då dei kom ned. Dragninga var i alle fall sterk nok til at eg køyrde i mange timar berre for å fotografera desse steinane. Det var verdt opplevinga.


Ta den stol og la den vandre…

Dei seier at 90 prosent av alt du ser på fjernsyn er søppel. Men 90 prosent av alt er søppel.

Sitatet er attgjeve på bloggen til Colin Pantall, som vert rekna som ein oppegåande fotograf. Eg såg gjennom ein del av bileta hans på nettet, og konstaterte, for eigen del, at ein viss prosent av det var søppel.

Eit av poenga med fotografering er å skapa noko nytt, seier Pantall. Du vert sjølv ei kopimaskin når du kopierer andre. Javel, det er førti trillionar foto der ute. Ein annan fotograf, Harvey Benge, roar det ned: Me kan ikkje unngå å stå på skuldrene til dei store. Mykje av det me gjer er fotohistorisk betinga. Benge har eit skeivt blikk på seg sjølv, han har mellom anna ei nettside som heiter More Useless Photographs (Fleire ubrukelege foto). Søppel?

Her er i alle fall meir søppel: Dei to lenestolane er framleis i bruk på ein luftig arbeidsplass i skogen. Avisa i stolen til høgre er 9 år gamal. Tosetaren i midten er sett ut med den usynlege merkelappen «Berre forsyn deg». Dagen etter var han borte. Den svarte tosetaren skal ein ikkje krevja meir av. Og sidan eg samlar på stolar: frå symjjehallen på Leirvik på Stord, kvelden før eit symjestemne.


Turkameraten

Turkameraten og eg har tre primære mål med vandringane våre. Mosjon, godprat, og fotografering dersom motiva dukkar opp. Det gjer dei alltid. Tungsinn er bannlyst. Kameraten er lys til sinns og har ei barnleg glede og fryd over alt som er vedunderleg i denne verda. Som fotograf gjev han blaffen i konvensjonane, og har lite til overs for uttrykk som banal og kitch. Sa eg banal? Det finst ikkje noko ute i naturen som er banalt. Det er liv over alt og vakre former og fargar. For oss er den overdådige bregneskogen langs stien ein del av det store mirakelet. Turkameraten fråtsar i alt det vakre, og eg vert smitta. Difor vert det bregner i dag, pluss ei fargesprakande osp i svart-kvitt. Alt til ære for ein god turkamerat.

Og takk og pris for optikk med blendar 1,8!


Ei kyrkje i verdsrommet

Sist sundag var eg – som ein av tre fotografar – på ein 600 km lang heisatur med bil. Ingen kvinner, vin og song. Berre eitt motiv: Urnes stavkyrkje nesten inst i Sognefjorden. Fotografane var fordelte på tre generasjonar, og utstyret omfatta det meste, frå 8 x 10 toms storformat til amatøraktig digitalt småformat. Intensjonane var like ulike som fotografane, men alle tre hadde stor glede av utfordringa dei møtte. Urnes stavkyrkje treng litt stell og pleie, og er for tida omgitt av eit sinnrikt stillassystem. Poenget er at kyrkje og stillas ikkje skal berøra kvarandre. Stillaset er difor dimensjonert slik at det står stødig av seg sjølv.

Stavkyrkja er frå ca år 1130, og ei av dei eldste i Noreg. Ho er også den einaste stavkyrkja i landet på verdsarvlista til UNESCO. No var ho innhylla i ein kokong av metallstenger. Det såg ut som ein interstellarisk konstruksjon som hadde landa inst i Sognefjorden.

Fotografane hadde to timar på seg før dagslyset forsvant. I tillegg til alle kilometrane fordøyde me to ferjeturar (ein med svele; oppskrytt), ein slingrete fjellovergang, og det som opplevdest som summen av alle tunnelar på Vestlandet. I tillegg vart det ein avstikkar til Hopperstad stavkyrkje. Alt på 23 timar.



Less is more, or ?

Vakker oktoberdag. På tur gjennom skogen kom eg til eit sagbruk, og på slike stader må eg alltid innom og leita med augo. Lysopningane hadde plast i staden for glas. Dei var fotogene. Eg konsentrerte meg om nokre plastfiller. Til meir eg fekk isolert motivet, til betre vart det. Less is more, heiter det. Kanskje less is less er like bra. Det er fint når det dukkar opp motiv der det ikkje finst anna enn enkle linjer, fargar eller komposisjonar. Motiva er like varierte som ved 'normal' fotografering, men det kjennest som eg arbeider på ein annan måte, og konsentrasjonen er større. Eit av bileta viser ein bom i utkøyringa frå eit parkeringshus. Det er rikeleg å festa augo på, men blikkfanget er så sterkt at eg puttar fotoet i mappa for minimalisme.


Humaniseringa

I førre blogginnlegg nemnde eg Gassets tankar om dehumanisering av kunsten. Komponisten Helge Iberg seier kunstens sjølvpålagde isolasjon har gjeve musikkindustrien fritt leide på den store arenaen, og at den offentlege legitimeringa av moderne kunst dermed er blitt hengande i ein svært tynn tråd. Like problematisk er eit bifall av samtidskunsten som samstundes både er danna og desinteressert.

Iberg meiner den byggande krafta som grekarane kalte eros kan bli vegen bort frå dehumaniseringa. Eg undrast om ikkje kunstnarane sjølve må ta noko av skulda dersom dei sit fast i dehumaniseringsfella. Hvis nokon ser parallellar til fotoet som kunst, så gjerne for meg.

Eg må ein gong for alltid (i alle fall fram til neste år) slå fast at eg ikkje er kunstnar, og at eg skal trivast med det eg gjer.

Temaet i dag er materialar i sterk kontrast til kvarandre. Opplevinga er størst når eg kan saumfara slike materialar med hendene, frå strikketøy til stål, frå tynn plast til eit ubestemmeleg, vraka tøystykke.


Klasseskilje i kunstforståinga?

Komponisten Helge Iberg har gjort seg nokre tankar om kunst, med utgangspunkt i eit essay filosofen José Ortega y Gasset skreiv for 90 år sidan. Gasset slo eit slag for dehumanisering av kunsten, som han meinte var altfor spekka av kjensler. Den nye kunsten, skreiv Gasset, deler publikum i to klassar: Dei som forstår, og dei som ikkje forstår. Difor må kunstnaren venda seg til ei eksklusiv gruppe og la den jevne publikummar forstå at han ikkje har tilgang til kunstens sakrament.

Iberg meiner dehumaniseringa har gått for langt, men meir om dette i neste blogginnlegg.

Museet for samtidskunst (Oslo) er ei kjelde til stadig forundring. Eg er innom kvar gong eg er i hovudstaden. Denne gongen gjekk eg mellom anna framom ein haug med vanlege kleplagg på ein vanleg kjøkenstol. Ikkje noko fiksfakseri. Eg trudde nokon hadde gløymt å rydda. Men det var alvorleg meint. Tydelegare kan ikkje «forstår–ikkje forstår» illustrerast.

Bileta nedanfor har ikkje annan samanheng med teksten over enn at dei er mynta på den jevne publikummar: Ei kvitkløvereng sett gjennom glaset i eit bussventeskur, ei kvernrenne med flaumvatn, litt malingssprut, litt rust – og ein svamp.


Farvel, Island

Medan det har gått nedover med den islandske småbyen Eyrarbakka på sørvestkysten, har det gått oppover for nabobyen Thorlakshöfn. Ca 1950 var det registrert ein – 1 innbyggjar i byen. No er det 1 500 innbyggjarar. Betre infrastruktur gjorde utslaget. Dei fleste lever av fiskeria, enten på havet eller i foredlingsindustrien.

Me svippa innom byen på jakt etter ein kafé me hadde høyrt rykte om. Tråla folketomme gater på kryss og tvers. Jau, sa dei me spurde, det skulle vera ein kafé i hamneområdet. Så var det nye rundar nede i hamna, og tilfeldig oppdaga me «Hendur i höfn», ei blanding av kafé og glaskunstbutikk. Svært triveleg kafé, og svært triveleg personale. Me fekk smaksprøver på det me hadde å velja mellom. Så vart det kyllingsuppe med tomat, ananas, fløyte, løk og varme krydder. Me greidde ikkje la vera å handla litt av krydderet i hyllene, og det er framleis i bruk minst ein gong i veka.

La meg avrunda turen med eit gravminne på bispesetet Skálholt. Grava og det vide slettelandet nedanfor gjer like sterkt inntrykk kvar gong eg opplever det. To namn er inngraverte i det vesle hjarta. Og den vesle geysiren Strokkur har du sikkert sett på foto mange gongen før, men eg tek han med likevel som det siste bilete frå Island.

No har eg klamra meg så lenge til ein lang og trygg serie at det kjennest usikkert å koma ut i fotokvardagen att. Men det lyt til.


Der freden har senka seg

Óli Ben strikkar. Han er ein av dei som har vore lengst i økolandsbyen Solheimar, ein heimstad på Vest-Island for psykisk utviklingshemma. Sesselja Hreindís Sigmundsdóttir grunnla Solheimar i 1930. Då var ho 20 år. Byen vert driven etter antroposofiske prinsipp og er langt på veg sjølvberga med slikt som kan dyrkast. Óli Ben og dei knapt førti andre innbyggjarane har eit rikt tilbod av aktivitetar. Kva Ó strikkar på, veit eg ikkje, men mange andre skaper både tre- og todimensjonal kunst.

I landsbyen er alle skilt skorne i tre, for hand, som dette røykefri-skiltet. Kyrkja i Solheimar er ei lise å koma inn i. Ikkje ein lyd høyrest om du sit der einsamkomen. Altartavla er av tova ull, og utvendes tak er laga av drivtømmer.

Solheimar har gjestehus, kafé, butikk og symjebasseng med varmt grunnvatn. Eg og reisefølgjet, som dei einaste, dreiv stille omkring. Berre eit italiensk par stakk innom med sine nettbrett og mobiltelefonar for å fotografera. Solheimar ligg ikkje så langt unna Geysir-området og det gamle bispesetet Skálholt og er vel verdt eit besøk.