Sorg og lykke…

Fotograf  Signe Christine Urdal har nett hatt separatustilling i Galleri Giga på Stord. Får du seinare sjansen til å sjå «Walls», så gjer det. Det er stillferdige og varme foto, og det er svært godt handverk. Galleriet fører intensjonen hennar i pennen på denne måten (utdrag): «Historier og tilstedeværelse av mennesker som har satt avtrykk i veggene, og som skildrer et liv av skjørhet og glemte historier. – – Veggene bærer fortellinger og merker av sårbarhet, lengsel, sorg, lykke, ensomhet og fellesskap. – – Urdals intensjon med prosjektet er å sette fokus på de hverdagssituasjoner vi mennesker kan ha, og utforske hvordan disse påvirker identitet, framtidshåp og relasjoner.»

Dermed kjenner eg meg tåpeleg som ikkje oppfattar alt dette. Eg ser ingen framtidshåp, sorg eller lykke i desse veggene og kniplingsgardinene. Eg ser ikkje kva fotografens utforsking har resultert i. Kvifor må eit galleri la tilskodaren stå att som ein narr? Denne språkbruken er ikkje spesiell for Giga; den er som ein mal som blir brukt om att og om att frå utstilling til utstilling, og ofte i langt større teoretiserande grad. Det er til å få fnatt av.

Kanskje eg skal bruka same metoden på fotoa nedanfor? Dei vitnar om eit godt liv framfor fjernsynet, og om den overflodsvelferd som gjer eigaren i stand til å vraka eit møbel som ser tilsynelatande brukande ut.  Kan henda dukkar det opp ein kaffiflekk om du utforskar grundig nok.

Eg har ikkje som mål å skapa kunst, berre reine foto utan dikkedarier, gjerne med variasjonar over tid, som her, og overlatne til det tolkingsregisteret tilskodaren rår over.



Først opp, så ned

Endeleg kom objektivet eg hadde drøymt om. Med skreddarsydd zoom 24–70 mm i toppklasse treng eg berre to ting: Eitt kamera, eitt objektiv. Ja og yes og oui! 24.000 kroner? Tullar dei? Det vera trykkfeil. Korleis kan nokon gjera slikt mot meg? Så ser eg ein liten djevel på venstre skulder som bannar og steikjer og lokkar. På høgre skulder ein engel: – Såså, du har jo greidd deg bra hittil? Du har jo hatt glede av det du har?
Javel då. Men eg gled meg meir enn før  til det eine flaxloddet eg unner meg kvar månad.
Vinteren slepp sakte taket. Heilt til siste nikk byr snøen på motiv av enklaste slaget, både minimalistiske og grafiske.





Vakkert og uforståeleg

Undringa tar aldri slutt. Korleis kan noko så mjukt som vatn bli så hardt berre med nokre graders variasjon i temperaturen? Korleis kan noko som har tilsynelatande same forvandlingsvilkår stå fram i så mange ulike variantar? Eg får aldri svar på det, men eg fortaper meg lenge i fenomenet for kvar sølepytt som dukkar opp. Det er vakkert, og – trur eg – utan meining. Naturen skaper ikkje kunst. Kunsten blir skapt av tankens kraft.

Kom deg ut i dagslyset på denne tida av året så sant du kan. Til fots. Det er livgjevande. Du treng ikkje ha med kamera kvar gong, men det hjelper.


Samanhengen

Det er kjekt å visa foto utan indre samanheng, men seriøst er det kanskje ikkje. Bileta her er eit resultat av tilfeldig motivjakt. Det er dessutan kjekt å løfta bileta ut av den geografiske samanhengen – dei kunne vore tatt korsomhelst i Noreg. Biletet med snøen er tatt ein stad der det til vanleg er mykje folk. Det er berre å bita tennene saman og ignorera alle, gå ned på kne, vippa opp skjermen, og så er det gjort.

Det var sterk vind, regn og lite lys då eg kom over den steindøde paraplyen (ISO 800 bl. 5,6 og 1/8 sek). Så kom ei vindkule og letta på skjørtet.

Siloballane låg bada i vakker vintersol eit par dagar seinare og bad tynt om eit gruppebilete.


Vinterens mange andlet

Ein dag er det gnistrande kulde, blå himmel og pudra greiner. Dagen etter er det varmegrader og sterk vind. Tredje dagen småregn, holkeføre og slaps, retteleg ein dag for lårbeinsbrot. Og motiva er der alltid (nesten).

Det midterste fotoet går inn i serien norske kampesteinar. Lag deg eit tema, så kjem motiva.


Hesligt og vakkert

– Det vakre har verdi. Når me ser noko heslig ønskjer me oss noko vakkert. Når me misser det vakre av syne misser me også meininga med livet, seier den engelske filosofen Roger Scruton.

Dei første ti-åra av 1900-talet fanst det ei kunstretning i Italia som vart kalla futurisme. Futuristane ville skrota alle reglar og tradisjonar, og ønskte muséa og byråkratane til helvete. Dei hevda at kunst i seg sjølv ikkje kan vera anna enn vald, vondskap og urett.

For eit sprang i måten å sjå verda på! Når eg ser moderne kunst kan eg ikkje fri meg for tanken på at futurismen er i ferd med å få ein renessanse. Eg er amatør, og innbiller meg at eg fotograferer utan bindingar i nokon retning. Det er kanskje blåøygd. Men eg arbeider i spenninga mellom det stygge og vakre, og trivst med det. Av og til kan det stygge vera vakkert.

To menneskeskapte former, og to naturskapte. Det øvste er ein islagd sølepytt overkøyrd av ein bil. Den andre naturforma er sjøis på toppen av ein stein i strandkanten.


Skjermen

Innlegget skulle på like før jul. Så fekk eg kalde føter. Tenkte det kunne oppfattast som ei moralsk fordøming like før tv-selskapa opna for fjorten dagar med juleglede at eg hadde tenkt å oppmoda folk om å slå av fjernsynet i jula. Det hadde vore eit fint eksperiment for å sjå korleis born og vaksne fungerer utan både tv og andre skjermduppedittar i ei stor familiehøgtid.

Eg kvitta meg med fjernsynet for mange år sidan, og har fått gjort mykje anna kjekt i det som vert rekna for beste tv-tid. På oppsamlingsplassar for elektronisk avfall kan eg likevel bli ståande og glo på daude skjermar som tilsynelatande har hatt kort levetid. Akkurat der og då er det berre eg som er vitne til det som ikkje skjer på skjermen. Eg trudde eit frydefullt øyeblikk at nokon hadde perforert ein av dei i reint sinne, men så vel var det nok ikkje; heller nokre ungdomar som i gjerandsløyse hadde bruk for ein blink.

Dette innlegget er skrive på datamaskin. Det er prisen for fotohobbyen.

Med ønskje om eit moderat skjermår!




Stor blendaropning

– Stor blendaropning i dag, seier turkameraten, når årets mørkaste dagar har kledd seg i massivt grått skydekke. I tillegg nærmar jula seg fort i indre bane. Det er ikkje mange ferske foto å velja mellom for ein bloggar, men alle desse vart tekne denne veka. Det var ein dag med sol og blå himmel og minusgrader, og dermed var sesongen i gang for ein isfotograf. Det skal så lite til; ein sølepytt og nokre isbitar.

Den store steinen har eg sett på lenge utan at eg har brydd meg. Ein dag oppdagar eg ein ny konstellasjon. Skrifta på bussventeskuret har også vore der lenge, fleire år, trur eg, men måtte oppdagast på nytt. Sikkert ein gut som har skrive det. Så hadde han noko å gjer på den stunda.

Det finst meir spektakulær julepynting av hus, men det får greia seg med dette. Om ikkje mine bloggkollegaer dukkar opp, så vert det ein pause til over nyttår. God julehelg, og godt nytt år!


Årets julepynt

Å, nei – det var ikkje så vel. Men som sagt før, nokon må ta seg avfallet. For nokre dagar sidan viste eg turkameraten ein (for han) ny avfallsplass. Han steig ut av bilen og sa: – Å hildrande du!

Så var han i gang med kamera.

Eg trur ikkje kommunen veit om denne oppsamlingsplassen. Men kanskje likevel, for det har minka kraftig på avfallet. Det var i siste liten me kom. Trass virvaret er det alltid noko som stikk seg fotogent fram. Enno ein gong vert eg skræmd av den korte levetida til moderne forbruksvarer.

Ting vert surrealistiske når dei vert rykte ut av samanhengen. Bildekka og kjøleskapet for mineralvatn kunne like gjerne vore fotograferte i eit studio, men så står dei altså i friluft som skrap mellom anna skrap. Paraplyen fann eg ein annan stad. No lengtar eg etter eit naturpanorama.


Der tida står stille

Ein gong var huset fylt av liv. Foreldre, mange born. Samstundes vart huset fylt av ting. Noko kom inn i eine enden, men sjelden vart noko kasta i den andre. No har den einslege gamle flytta i nytt husvære. I ein mellomfase er det meste på veggene, i kjellar og på loft, urørt. Du skal vera litt opp i åra for å kunna 'lesa' eit gamalt hus. Det rører ved så mange tema, som tru, litteraturinteresse, samlemaniar, interiørarkitektur, sosial status, fritidsinteresser, reisevanar, osv.

Og så denne motviljen mot å kasta. Ein gong vart det knapt med materielle goder. Då blir det vanskeleg å kasta når det seinare blir romslegare tider. I dag er det motsett. Ting som var mote i fjor hamnar på søppeldungen i år. Det er eit privilegium å få fotografera eit slikt interiør før det vert tømt. Tida står aldri stille, men likevel – .