Nye (gamle) venteskur

Eg har fått bussventeskur på hjernen. For eit par dagar sidan tråla eg ein heil kommune utan å finna skur av interesse. Men dei finst. Ofte er dei laga eller utstyrde av folk med skaparevner eller med omtanke for sine medmenneske. Det øvste ligg ved riksvegen nær Camphill landsby i Hogganvik I Hordaland (tidlegare fylkesnamn er vanskelege å rista av seg) Større kontrast til dei glatte, kjønnslause moderne venteskura skal ein leita lenge etter. Camphill-landsbyane  er tilrettelagde for unge og vaksne med særleg trong for omsorg. Grunnsteinen i tiltaket er filosofien til Rudolf Steiner.

Det andre venteskuret ligg i ein utkant av Suldal kommune i Rogaland. Ein mann fekk idéen med å tilby dei vegfarande gratis litteratur, og dei vegfarande har sjølve gjort sitt til at venteskuret alltid er velfylt. Frå skuret tok eg med meg den svære romanen «I en ulvetid» av Hans Fallada, norsk utgjeving i 1938. Alt etter kva litterær interesse ein har, kan ein finna både gullkorn og søppel her. Visdomsordet  er frå dette venteskuret.

Det siste skuret fann eg avsides I Lindås kommune i Hordaland. Det får tala for seg sjølv.


To svaner

Det blir tatt få foto når det er kaldt og himmelen er stadig blå. Eg går turar likevel, helst langt frå folk. I går var eg på isjakt, med magert resultat. Langt bortanfrå kjem to svaner fossande mot meg der eg står stille i strandkanten. Dette er fuglar som er vane med å bli mata av turfolk. 'For banalt', tenkjer eg. 'La gå likevel' seier eg i neste sekund. Avstanden på to–tre meter  er alt for kort til å fanga rørslene til den eine når ho slår ut med vengene. Eg reagerer på refleks og ser ikkje på skjermen eingong, for eg veit at det blir berre denne eine eksponeringa.

Same kor fotografisk banalt det er, så er det alltid fint å koma nær desse fuglane.

Det får greiia seg med to svaner denne gongen.



Endå fleire tre

Av Lars Bø

Trea er nokre merkelege skapningar. Dei står på sin faste plass. Ver og vind skifter, årstidene skifter, men trea står der. Dei vert påverka av ytre tilhøve. Likevel har dei sin eigen karakter. Den vert tydelegare om vinteren når dei ikkje gøymer seg i blomar og lauvdrakt. Vert allrid fascinert av trea. Dei er som gode vener som gjer miljøet godt for både oss tobeinte og naturen.



Fleire tre

Undrast kor lenge eg halda på med dette motivet. Det får greia seg med lite tekst. Stundom, når motiva er reine, er det kjekt å leika seg med negativet. Furua på dei tre øvste bileta vart først fotograferte før snøen kom. Og når den kom, visste eg at det var meir å henta.


Tre, på nytt

Det er vanskeleg å bli kvitt eit tema når det først har bite seg fast. Eg laga ei fotobok med tre for nokre få år sidan, og eg trudde eg var ferdig med dei. Det var eg ikkje. Då eg tok ut juletreet dryssa nesten alle nålene av. Eg  mislikar ord som fantastisk og mirakel, men blir minna om dei når eg ser ein haug med mange tusen barnåler på golvet. Vatnet som er sugd opp gjennom stammen er fordelt rettvist til kvar einaste nål. Eg blir minna om det kvar gong eg er ute, enten eg ser eit lauvtre eller nåletre. Temaet tre er attende med full styrke.

På bilete nr. 2 greidde ikkje kamera å gapa over alt, så eg valde spegelbiletet i dammen.

Det blir også nokre tre i neste blogg. Det er nok å ta av.


Bergenstre

Bergen er ein fotogen by. Det veks varierte tre der også.

Denne eføyen klamrar seg til ei bjørk ovanfor Øvregaten, like ved nedre Fløibanestasjon.

Ei eik har fått stå i fred ovanfor traseen der det vert bygt ny bybane til Fyllingsdalen, her like ved Storelungeren.

Frå eit av smaua sentralt i Bergen. Treet er truleg ein slank tuja. I bratte smau er det gjerne tilrettelagt med skråstile brustein, slik at hestane i gamle dagar kunne få betre feste for hovane sine.

På Fakultetet for Kunst, Musikk og Design ved Universitetet i Bergen vert det laga mykje rart, men her har dei jamen greid å få opp eit normalt juletre med glede.


Berre rot

Det blir som oftast berre rot når den fotografiske handlingsradiusen er liten. Variasjonen kan likevel vera like stor i dei små forteljingane som i dei store. Og det er alltid forunderleg kva folk kastar.  Ei lysugle vil neppe stå på handlelisa mi. Eg skjønar at ein sofa har si levetid. Ofte kastar andre ting eg ville tatt vare på. Me skal ha det standsmessig, veit du. Enn om kongen kjem. Eg må vedgå at denne sofaen er klar for skraphaugen, eller kan han resirkulerast? Det meste kan visst det i vår tid

Skjora har fått ein våt død i ein plastdunk på baksida av ein butikk.


Strikketrea

Den som reiser gjennom Eidfjord kan ikkje unngå å legga merke til strikketrea langs promenaden i sentrum. Eidfjord er ein turistkommune, og med mobiltelefonen blir trea på kort tid spreidde over store delar av verda.

Det er fleire år sidan kunstnaren Inger Lena Gåsemyr hadde eit prosjekt i Chicago som ho kalla Graknitti. Ho inviterte dei fastbuande i nærleiken til å vera med i den kunstneriske prosessen. Ideen tok ho med seg til Eidfjord, der kunst no vert brukt som ein ressurs i tettstadsutviklinga.

I starten var det nokre i bygda som tykte ideen var forferdeleg dårleg. Andre var oppglødde. Då saka vart slått stort opp i Dagbladet, vart det eit nærast eit folkekrav om at dette skal me gjera saman.

Sidan den gongen har alle trea på promenaden vore innstrikka. Etter kva sesong vert strikka demonterte, vaska og resirkulerte til nye tekstile produkt som kan seljast eller gjevne til veldedige føremål.

Det er eldsjeler som strikkar og som får tildelt kvart sitt tre. Dei er alle kvinner, med eitt unntak. Også tilsette på nokre butikkar har gått saman om å gjere sentrum attraktivt på denne måten. Kommunen betalar utgiftene til garn. Det finst strikka tre også andre stader i landet, men så vidt eg veit er det berre Bergen utanom Eidfjord som har eit så heilskapleg opplegg; frå neder fløibanestasjon og gjenom svingane opp til Skansen.


Nysnø

Så kom snøen, eller slapset. Kvitt i alle fall. Eg vart yr av glede. Verda var forandra. På med vintertøy og kamera. Det måtte vera noko der ute eg ikkje hadde sett før. Jau, eg hadde sett det mange gonger, men ikkje slik. Det hagla litt og vinden var bitande kald. Himmelen var kaotisk. Etter to hundre meter fann eg det best å koma meg i hus att. Men vinteren er lang, og eg veit det kjem fleire fine sjansar.


Fråflytta II

For litt sidan viste eg bilete frå eit fråflytta hus. Denne gongen viser eg fire bilete til frå det same huset. Dei vitnar om at her har det vakse opp personar med allsidige kunstneriske og andre kulturelle interesse. På veggane heng både abstrakte, dekorative og figurative maleri. Det er også spor etter det som må ha vore ein yndlingskunstnar – Vincent van Gogh. Det er forunderleg å bli rykka attende til forgangne tider, og merkeleg å låsa døra etter seg og gå inn att i vår forrykte tid.