Aust- og nordover, 1

Den svenske fotografen Mats Lindfors opplever at kunstverda i dag stadig er i krig mot det klassisk vakre. Han sjølv var med i same krigen då han var yngre. Det klassisk vakre var keisamt og irriterande.

– Men til slutt gav eg opp motstanden og tok til meg dei klassisk vakre bileta som ein del av meg sjølv, skriv han på bloggen sin.

Lindfors skaper landskapsbilete med ein så sterk fargeskala at eg blir reint brydd. Men me har alle vårt. Eg tykkjer det klassisk vakre er overveldande når eg står midt i naturen, men kan vegra meg for å trykkja på utløysarknappen. Nyleg ferierte eg litt, til Røros, og reiste gjennom vakre Hardanger. «Det ånder en tindrende sommerluft, over Hardangerfjords Vande» skreiv Andreas Munch. For å skapa motvekt har arkitektane og godkjennande styresmakter plassert denne forretningsklossen midt i sentrum i Nedre Eidfjord.

Foto nr. 2 viser ein koseleg uteplass ved Storsjøen i Tylldalen, aust for Østerdalen. På Randsfjorden går Noregs einaste innlandsferje i heilårsdrift. Skipparen frå Finnmark har lang fartstid i utanriksfart. No finn han seg vel til rette i smulare sjø. «Randsfjordfergen II» heitte før «Mjøsfergen». Ho vart kutta i to, frakta til Randsfjorden og sveist saman der. På Eidsvoll var det nasjon for alle pengane. I Festiviteten var det utstilling med nasjonale motiv i hundretusenkroners-klassen. Eg fall for sikringstavla. Under ei bru hadde ein skuleklasse illustrert grunnlovsjubileet. Siloballane kjem attende kvart år, og eg kjem stadig attende til siloballane. Desse er frå Tylldalen.