Alt kan fotograferast

– Alt kan fotograferast, ifølgje dei store fotografane som har fått legendarisk status. Det skriv eg gjerne under på, men kva med resultatet? Er det mogleg å få dei mest banale motiv til å skina? Ja, det hender, utan at eg vil ta mine eigne fotografi til inntekt for påstanden. Det er moro å leika oppdagaren; å sjå spor av det store i det små. Å oppdaga ei samling øydelagde doar får tankane til å arbeida. Korleis nærmar eg meg denne porselenshaugen på ein måte som får han til å stå fram, om ikkje skinande, så i alle fall på ein måte eg er nøgd med sjølv?

Denne laurdagen har eg nærma meg svært ulike motiv. Aluminiumsplata fann eg i ein konteiner med metallavfall – ein konteiner eg tittar oppi kvar fjortande dag. Det var eit jernstykke der som eg må ha bilen for å få med meg, så eg måtte nøya meg med den vesle plata på 8 x 10 cm. Det var for dårleg lys ute, så eg fotograferte henne inne i lampelys.

Plantedelar er gjevande å utforska, og stundom er det verdt å fotografera dei. Løken har mange andlet, også det tynne, ytste skalet.

Slik kan ein fotodag arta seg. Eg har like stor glede av prosessen som det ferdige resultatet.