Å fotografera ein skog.

Dette er eit av dei "tilfeldige" prosjekta mine. Nokon fekk den gode idèen om fotografering av tre. Syntes det passa bra, og eg gjer mitt beste. Praktisk er det viktig at området der fotograferinga foregår er lett tilgjengeleg. Skogen er rett utanfor huset vårt, 0.5 km2 med mange slags treslag. Ein tett vegetasjon der planta gran har vokse seg stor og stengjer for lyset. Mose dekkjer skogbotn, bjørketrea veks seg lange og tynne.

Eg flyttar kamerastativet rundt på måfå. Set det ned, dreiar sakte og studerer skjermen. Former og flater dukkar opp frå ingenting. Små under. Stiller skarpt og eksponerer. Å fotografera i skogen er meditasjon. Ein forsvinn i seg sjøl. Det synes stille, lydane frå skogen rekk ikkje inn. Registrerer berre kameraskjerm og vegetasjon. Det er ein slags transe, når eg vaknar er skogen annleis.

Å vera eitt med skogstilla er å kjenna seg åleine på ein god måte. Og å vera åleine er det beste. Den stikkande kjensla når nokon ser meg fotograferer her ute i skogen gjer ingen gode bilete. Veit ikkje kvifor, men slik er det.