Det metafysiske i ein kvardagsleg oppvask.

 Av og til er det naudsynt å stoppa opp og tenka seg om. Til dømes over dei daglege repeterande handlingane våre. Vask av skitne gryter og rydding av kjøkenbenk er slike naudsynte plikthandlingar me må gjennom.

For gjera dette kjedelege arbeidet meir meiningsfylt, tenkjer eg at oppvask er zen. Eg prøver å setja meg sjølv i ein zen-tilstand. Skyva vekk alle tankar og konsentrera meg heilt om dei tinga som er oppvasken i seg sjøl, gryte for gryte, fat for fat, kost, fille, kjøkenbenk og oppvaskmaskin. Prøver å utføra oppgåvane så godt og nøyaktig eg kan. 

Med dette oppnår ein meditasjon. Oppvaskmeditasjon. Hjernen koplar ut og kviler, det kjennes godt, og oppvasken får ei høgare meining og vert viktig.

(Lagt inn av Roald Sundal)


Det enkle

Flytting frå eit hus til eit anna er ei underleg oppleving; stressande og slitande, men også med små glimt av det fine som i og for seg ikkje har noko med flyttinga å gjera. Før me forlet det gamle huset for godt stod badedøra ein dag på gløtt.

På badet i det nye huset sildra sola gjennom persienna og ned på vasken.

Meir komplisert er det ikkje.



Andre og siste gong – Eggleston

Normalt unngår eg sol når eg skal fotografera. Etter å ha irritert meg kraftig over William Eggleston, roa eg meg ned og tenkte at den fyren må vel ha noko å læra meg, både om sol og fargar. Så eg gjekk eg med kamera ein dag sola stod høgt og himmelen var blå. Resultatet vart over forventning. Fargane var saftige, og kontrastane kunne eg godta. Biletet av brakkeriggen viser at det fungerer også med store deler av motivet i skugge.

Det femte motivet er fotografert i djup skugge, og trehjulssykkelen så seint på kvelden at det var på grensa med handhalde kamera.

Så her er ein trehulssykkel til, mr. Eggleston. Den eine kan vera like bra som den andre. Men i kunstkrinsar er det den som kjem først med noko nytt som står øvst på pallen, same kor bra det kan vera, det som kjem etter. Til alle tider har kunstnarar lånt frå kvarandre; musikarar, biletkunstnarar, forfattarar. Den som for første gong fotograferte ein soloppgang har ikkje patent på evig førsteplass. Tusen andre som har gjort det betre. Det same med roser og snømenn. Så eg slappar av. Med fare for å verta kalla hovmodig og lite jordnær, ser eg min trehjular som likeverdig med mr. Egglestons. Eg ser det unike med Egglestons, men ser også det unike med min. Annleis kan det ikkje vera.

Då eg fotograferte trehjularen tenkte eg på det enorme sløseriet og miljøøydelegginga som framstilling av plastleiker representerer. La oss seia at ein trehjular av dette slaget veg 2,7 kilo. Han veg framleis det same når han vert vraka. Slik er det med dei fleste plastleiker – vekt frå produsent er identisk med vekt som avfall.

Me kan ikkje alle vera pionerar. Så lær av dei beste, og kopiér ivrig til du står på eigne bein, og på det nivået du kjenner deg heime. Når det er gjort kan du strekkja deg litt til.


Bømlanatur

For kort tid sidan var eg enno ein gong på Bømlo, og fekk nokre fine turar. Mange let seg fascinere av den spesielle naturen, og då særleg den lengst ute med havet. Også eg vender attende år etter år. Opplever meg fri med høg himmel og fri horisont. Livet er nøydd å tilpassa seg dei tronge rammene som naturen set. Tre og andre vekster overlever ved å føya seg på stader når livd er mangelvare.

Fotografisk vert det aldri tomt der ute.

Eg er glad i fargar, men her ute høver det godt med svart-kvitt eller svake fargar. Og eg fell for den grafiske enkle forma. For meg er det store opplevingar og masse inspirasjon. Eg vandrar saman med ein lokal fuglekikkar tidleg om morgonen og får god tid til å pusla med mitt.

(Lagt inn av Lars Bø)


Turistattraksjoner

Når man er i Italia er det mange turistattraksjoner å beundre. Byer som Roma, Firenze eller Pisa er fulle av imponerende kultur fra Europas vugge. Noen blir så overveldet over dette synet at de trenger hjelp (Stendhals syndrom).
Men like interessant kan det være å snu seg med ryggen til attraksjonene og se på turistene selv. Alle har selvsagt kamera av en eller annen form i dag og skal forevige vidundrene de ser. Mange skal ta bilde i den samme posituren foran en severdighet som millioner andre har gjort før. Det er ikke nødvendigvis noe galt i det, jeg har gjort det selv; ungene elsker det.
Over de siste årene har jeg samlet på noen turister - noen ganger er de like interessant å se på som attraksjonene selv. Fotografisk sett er dette et godt utforsket felt, ikke noe nytt; Martin Parr f eks har karikert masseturismens mange ansikt i velkjent stil, blant annet i boka Small World. Websiden og bloggen hans er forøvrig vel verdt å ta en tur innom: www.martinparr.com

Pisa, Piazza del Duomo - 2014

Pisa, Piazza del Duomo - 2014

Firenze, Piazza del Duomo - 2011

Roma, Pantheon - 2010

Roma, Pantheon - 2010


Oppvask

I kunstakademisk samanheng høyrer ein ofte tala om verk. 

Eg vil og be om lov til å definera bileta mine som verk. Men då i tyding verk som i verkebyll. Ein innvendig verkebyll som må stikkast hol på. Når verkebyllen er punktert kjenner eg ro og harmoni. Metoden er å fotografera objekta rundt meg, då får eg det ut, som det heiter. 

Som fotoamatør er fotografering noko ein gjer når overskot er der, ein bonus etter rutinedagar med jobb og familiære, huslege plikter. Det er alltid eit innvendig press etter å skapa, å fotografera. Det gjeld å finna nye vinklingar, detaljar i den rutineprega kvardagen som ikkje er oppdaga enno. Og som kan løftast ut av rutinekvardagen. 

Det store augneblinken er når noko tilsynelatande trivielt, gjennon eit avtrykk på minnebrikka, kan hentast ut, handsamast, og verta til noko anna. Noko som er større enn det vanlege livet.

Som oppvasken. Av og til kan den vera vakker. Det gjeld berre å sjå.

(Lagt inn av Roald Sundal)









Haugen, siste runde

Haugen på Eldøyane er borte. Eg innleidde denne bloggen med 'haugen min', og kor trasig det var å ppleva at også den var forgjengeleg. Kubikkmeter etter kubikkmeter vart fjerna, og eg kunne ikkje gjera noko med det. Eg kunne ha lenka meg til ei av dei opprivne røtene, men det hadde berre ført til bot og tappa konto. Dei siste fotoa tok eg i slutten av april. Eit troll av ei rot låg att og klamra seg til ingenting.

Foto nr. to kunne like gjerne vore i svart-kvitt, men eg fann det sparsame fargespelet såpass avgjerande at eg valde fargar.

I bakgrunnen på siste fotoet ragar tre kranar til vers. Den til høgre er «Goliat», ein Kværner-kran som skal sprengast ned ganske snart. I midten ein av dei største søylekranane i verda. Den har russisk inskripsjon og vert på folkemunne kalla «Ivan». I bakgrunnen til venstre skimtar du den nye Kværner-kranen som har fått namnet «Storen». Den løfter inntil 800 tonn.

Men pytt, haugar og kranar er småtteri mot alt anna som vert demontert både av materielle og immaterielle verdiar i vår tid. Det kallast framsteg. I juni skal eg ein tur til England, til stader der demontering av samfunnet er kome langt.


Den smale og den breie vegen

Med vegar som tema har eg alltid motivet med meg når eg køyrer bil eller syklar. Desse vegane 'fann' eg i Hardanger i påska. Det øvste er frå Kvam, mellom Norheimsund og Øystese, og med Jondalsfjella i bakgrunnen.

Mellom Vikøy og Norheimsund i Kvam er det blitt reine autostradaen. Netting til vern mot små steinsprang kan vera dekorative. Eg kraup innunder ein stad der det verka romsleg. Det einaste eg oppnådde var å bli våt.


Rust langs vegen

Det er ikkje til å unngå. Rust dukkar opp over alt, særleg når ein har auge for slikt. Ikkje minst på ei dagsreise Vestlandet på langs.

– Eg fann, eg fann! sa Oskeladden.

Variasjonane over rust er tallause, både i form og farge. Og reisa til Bulandet vert avslutta med dette innlegget.


Siste kvilestader

To, kanskje tre, små seriar att før reisa Stord – Bulandet vert avslutta på denne bloggen. Nokre få bilete frå gravplassaen på Bulandet. Det øvste viser konglomeratsteinen på øygruppa i foredla form. Foto to og tre er variantar av same motiv.