Fotografering som tvangshandling

Det finst fotografar som er populære, dyktige, effektive, har skarpt intellekt, orginal stil, super utdanning og fantastisk pågangsmot. 

Og så er det oss andre. Som fotografar er me dømde til å subba rundt i ein evig ørkeslaus pøl. Utan mål og meining med det me driv med. Feige, late, dumme og forvirra. Me vil helst sitta og surfa på dagbla` si dårlege nettavis heile dagen enn å prøva skapa noko. Den såkalla hobbyen (for eit grusomt ord) og heile denne avbildingsmanien vår, er ei tvangshandling, trigga av eit dunkelt og meiningslaust instinkt. Skaparen sjøl har triksa med gènene våre i eit anfall av practical joke.

Ta desse bileta under. Om eit oppegåande menneske hadde tatt slike bilder, ville han/ho kanskje sagt det var ei undersøking av oppvaskkummen, sett i lys av den amoralske vestlege overfloda. Deretter ville dette flinke mennesket ramsa opp alt som var i og rundt denne oppvaskkummen. Alle ting og detaljar som eksempel på denne skitne flaumen av ting.

For meg derimot er dette eit godt døme på fotografering som tvangshandling. Eg synes brukte plastposar og uvaska gryter er rett så fotogne, og at lyset speglar seg fint i pannelokka. Då får eg berre ein tanke i hovudet; Dette må fotograferast. Ja, sånn er det, og meir er det ikkje.

Uforståeleg

Dei er der, men blir sjeldan lagt merke til. Små skraper og bulkar i metallet på lastebilar og bygningar og kva det elles måtte vera. Oppstått utan intensjonar, kanskje berre følgd av eit bannord frå den som var så uheldig å få kontakt med noko han ikkje ønskte å få kontakt med. Så kjem fotografen i ettertid, snusar etter hieroglyffar og løynlege bodskapar. Er det noko av meining rissa inn her? Nei, det er ikkje det, men likevel spennande. Det er eit sekterisk avvik frå makrofotograferinga som tek seg av insekt og blomar. Og så får ein vera i fred for andre. Det må kjennast utrygt å nærma seg ein person som nærsynt glor på husvegger og lastebilar; dei kan jo finna på andre merkelege ting også.


Fri tolking.

Av og til kjem det oppgåver til ein som kjennes nesten umogelege, slik som denne i haust.

Me er nokre sjeler som med jevne mellomrom har utstillingar i det lokale kulturhuset. Veldig jordnært det heile. Denne gongen var det i samanheng med ein nynorsk barnebokfestival. Oppgåva var å tolka temaet til festivalen, fanteri, med utgangspunkt i teksten til ei valfri nynorsk barnebok. Ved første augekast kansje ikkje det verste. Kansje.

Dei som har prøvd dette, veit at å laga bilder til ein tekst ikkje er lett. Har respekt for de som gjer slikt. No skulle altså eg som lekmann, for å seia det sånn, få prøva meg. 

Oppgåva vart for konkret for meg. Sperrer la våte ulltepper over fotograferinga. Tenkte då at den beste måten å løysa det på var å snu om på rekkefølgen. Laga bildene før teksten. Ein del enkle skissebilder blei tatt, med tanke på at dette handla om barnebøker. Etterpå var det leiting etter ein passande tekst som kunne gå til bildene. Med eitt var det gjort, teksten var der.

Ikkje altfor imponerande måte å komma frå det på, men når bilda heng på veggen kan ingen seia kva som kom fyrst av tekst eller fotografi.

Teksten; Den vesle passasjen er frå boka ¨Kom no natt¨ av Hans Sande, og lyder som følgjande:


Eg drøymer at eg ligg og flyt

og vatnet er så mildt

Mørkt og roleg, utan lyd

Kan livet bli så stilt?

(Hans Sande, Kom no natt, Gyldendal norsk forlag, 1994)


Kom no natt er ei poetisk og trist fortelling om to vener, ei jente og ein gut, der jenta druknar på ein skogstur. Bildene lever nok ikkje opp til den vare teksten, men uansett, her er nokre av dei.







Hest, geit og ein minimalist

Det er kjekt i utkantane, til dømes Bakka og Undredal ved Nærøyfjorden. Eg skulle attende frå Bakka då ein ponny stengde vegen. Gneid seg mot panseret, avanserte mot det opne vindauga og stakk hovudet inn i kupéen. Eg dytta han ut. Han kom inn att. Tre gonger. Så berre køyrde eg, og han fann det klokast å trekkja seg attende. I Undredal var det full stogg for å la denne geiteflokken passera. I Undredal herskar geitene suverent. Dei brukar vegen som offentleg toalett. I september strør asalen bæra sine langs vegkanten på Vossevangen. Litt trivelegare.

Bloggaren Blake Andrews har nokre svært lange intervju med fotografar. Men så møtte han Nils Jørgensen, frå London, minimalist. Det var frydefull lesnad. Jørgsensen har teke fire foto av ein mann på ein benk. Attmed sit ein hund:

– Fortel kva som hende då du tok biletet. – Ikkje noko, så vidt eg kan hugsa. Eg gjekk omkring, i eigne tankar. – Kva tenkte du? – Eg hugsar ikkje. Det er ei stund sidan. – Kva såg du etter? – Eg hugsar ikkje det heller, men ikkje ein serie. Det fann eg ut seinare. – Kva fanga interessa, visuelt? – Dei to. Det såg triveleg ut. – Var det eit øyeblikksfoto, eller planla du det? – Eit øyeblikksfoto. – Reagerte dei på deg? – Nei. – Vart bileta slik du hadde vona? – Nei.


Uansvarleg

Det er fint å vera uansvarleg av og til, i den forstand at eg i nokre timar berre gjer det eg lystar utan tanke for kva andre måtte meina. Slik er det å flanera i solskinet med kamera, utan noko bestemt mål. Så dukkar det alltids opp eit eller anna – eller ikkje. Det er sagt om forfattaren og filosofen John Powys (USA) at han var velgjerande fri frå begjæret om for ein kvar pris å vera original. Tenk det, i vår tid, der snart einaste kravet til kunstnaren er originalitet.

Brené Brown skriv i boka «Uperfekt» at å presentera kunsten vår, skriveria våre og fotografia våre for verda utan nokon garanti for at dei vil bli aksepterte eller verdsette – det er også å  vera sårbar.

Her eg vandrar i solskinet oppdagar eg fort at den avslappa stemninga eg var ute etter, snart vert blanda med konsentrasjon og søking. Det er alltid noko lite eg ikkje har sett, eller verdsett, før. Dermed blir det litt å ta med seg heim. Det er stemning, sjølv i stål og anna metall. Kor mange pizzaer har vore steikte på dette steikebrettet?Let det seg gjera å få det reint att? Ser for meg ein hybel for ein einsleg mann, kanskje eit pokerlag. Me har alle våre steikebrett der me set spor etter oss.


Blått vatn

Seydisfjördur på Aust-Island hadde ein gong båtsamband med Noreg. No er Noreg valt bort, men byen har framleis båtkontakt med Færøyane og Danmark ein gong i veka. Hamneområdet er velsigna fritt for turistar når eg ruslar der. Trailerane  til Smyril Line står oppstalla tilsynelatande tilfeldig. Eg har ikkje forhøyrt meg om kva Blue Water står for – kanskje Det blå hav, eller som det heitte i sjargongen for lengst; bølgjan blå.

Så hende noko rart knapt ein månad etter eg kom frå Island. Eg var i Nærøydalen for å fotografera grus- og sandbankane i elva der. Riksvegen kunne skimtast som ei lita stripe langt borte. Eg bestemte meg for at eg ville ha ein bil med på fotoet. Den første var det ikkje noko stas med; ein mørk personbil. Like etter kom denne lastebilen. Eg hadde to sekund til å ta biletet før han forsvant bak trea. Først etterpå såg eg det prangande namnet på lastebilsida. Som det heiter: det er ikkje stor kunst, og takk for det, men moro likevel.


Stablestolar

Det finst designstolar til unemneleg høge summar. Nokre av dei er tilmed vonde å sitja i. Det finst 'harry-stolar'. Nokre av dei er tilmed gode å sitja i. Nederst på stolerangstigen finst stablestolane. Det er slike du helst ikkje vil ha i heimen.Men du verda så gode dei er til sitt bruk – i alskens bede- og samfunnshus. Nokre slike stolar er både fintforma og gode. Andre er beint fram simple. Her er eit lite knippe av arten i ulike tilstandar, fotograferte på Bømlo, Stord og i Seydisfjördur (Island).

Det øvste motivet var mest magnetisk på grunn av emblemet på kontaineren. Det er blitt noko anna enn det var opphaveleg. Eg veit ikkje kva det i utgangspunktet var meint å skulle visa.


Før og etter

Den varme årstid har mellom anna gått med til reiser til Røros, England og Island. Frå alle tre stadene har eg lagt ut litt foto på bloggen. Fleire vil bli viste, men det er så mange bilete som skal veljast ut og redigerast at det vil ta tid før fleire blir presenterte.

I mellomtida; litt rust. Du må aldri visa dine dårlege foto. Kast med hard hand, med unntak av det beste. Dette er råd amatøren ofte får. Eit anna råd er å ikkje visa korleis du er komen fram til det endelege resultatet. Det kan vera store avvik mellom original og det ferdige fotoet. For meg er det fritt fram for manipulasjonar så sant det ikkje er snakk om rein dokumentasjon og foto som vert presentert som sanning i media. Her er eit enkelt døme på endring av foto. Det gule er fjerna frå originalen av di eg tykte biletet vart sterkare då. Det er sjeldan eg grip inn i rustfotoa mine på denne måten.

Kor lenge arbeider du med eit foto? Paul Kenny fortel til Black + White Photography at han heldt på med eit foto i ni månader – om ikkje samanhengande. Men han likte ikkje resultatet, så han kasta biletet.



Klesvasken

Nord for Island ligg Grimsey, ei lita øy med under hundre fastbuande. Dei får lys og varme frå oljefyrte aggregat. Trur neppe tilsynsstyresmaktene i Noreg hadde godkjent desse oljetankane. Men sengetøyet er dei nøye på. Det blafrar på tørkestativa eller heng rett ned i solnedgangen. Hvis du ikkje er avhengig av nattelivet i storbyen når du ferierer, så ha Grimsey i bakhovudet neste gong. Du kjem frå Akureyri og dit ut med ei solid ferje, eller med eit fly som tar åtte passasjerar. Polarsirkelen skjer seg gjennom øya, og han er markert like ved flyplassen. Men sidan polarsirkelen har ein tendens til å flytta på seg, kan du aldri vera sikker på om du står på han eller ikkje.


Hagefotografering

I Sverige og England er det ein yrkestittel. Men i Noreg har ikkje trädgårdsfotograf eller Garden Photographer så høg status. Det å fotografera hagen er rein meditasjon, ein slappar av og tuslar uforpliktande rundt, filosoferer og funderer på nye motiv. Ein hage er avgrensa, så utfordringen vert å fornya seg, å prøva sjå hagen og motiva der med nye auger.

Mi ega hagefotografering avgrensar seg vanlegvis til storblada stauder, slike som rabarbra, alatrot, valurt. Seinsommar og haust er den beste tida å fotografera i hagen. Det ligg noko melankolsk i lufta. Det grøne spirande råtnar og vert til jord, plantene kryp i hi og lagar seg klar for vinteren.  

                                                                                                                                                                               -Roald