Om å ta inn Universet

Målet med turen til Island var ein liten prikk i havet nord for fastlandet – Grimsey.  Målet var greitt nok, men målet med målet var noko uklart. Der skulle eg ligga på ryggen på nordspissen av øya, med berre hav og pakkis mellom meg og Nordpolen. Og der låg eg, på ei seng av fugleskit og gras, og skulle la meg gjennomstrøyma av Universet. Med tommel og peikefinger på kvar hand mot kvarandre på yoga-vis. Universet kom ikkje. Eg tenkte på kvinner, og om det var lenge til middag.

Ingen katarsis.

Det var litt av ei lekse. Men staden var vedunderleg. Mild svak bris, sol, måseskrik og ei einsemd som var berre god.

På nordsida av øya er det ei vid bukt som endar i eit smalt nes, øvst i biletkanten. Vidare derfrå er det berre hav og himmel. Stiane fram til nordspissen er køyrde opp av firhjulingar. Ganske ofte låg det daud fugl i lendet. Det er ikkje så merkeleg, all den tida øya er heim for titusenar av sjøfugl.

Eg har fleire stader lese at Grimsey er ei blå øy. Det er ikkje sant. Ho er pur grøn. I tillegg er hummarsuppa på den vesle kafeen i sentrum gyllen og himmelsk – verd ei Michelin-stjerne.

Med dette avsluttar eg opphaldet på Grimsey.


Olav K. Andre del

Spora etter Olav sitt sivile liv sluttar året 1943 i småbyen Faribault, Minnesota. Her har han i tre år leigd eit rom i huset hos ein norskætta familie på fem. Olav var då 34 år og framleis ungkar. På nyåret 1943 tar han eit livsvalg. Han vervar seg og blir innrullert i det nyleg oppretta 40th Engineer Combat Regiment, som Private (menig). Ingeniør-regimentet er ei støtteavdeling til First Airborne Task Force, eit eliteregiment av fallskjermsoldatar. Dei skulle lida store tap under frigjeringa av Europa. Olav er i Virginia vinteren og våren 1943. Det er millitær trening og snart avreise til Europa og andre verdskrig.

Amerkanarane er opptekne og stolte av millitærhistoria si. På ei nettside som omhandlar 40th ECR, kan ein lesa om regimentet si sikksakk-ferd frå slagmark til slagmark gjennom i Europa. Og alvoret byrjar den 10 juli 1943, med invasjonen på Sicilia. Olav hadde vore i fredelege Oran i Nord-Afrika sidan mai og deltek no for første gong i krigshandlingar.

15. august 1944 er starten på ein ny alliert invasjon. Operasjon Dragoon i Sør-Frankrike. Området rundt den vesle byen St. Maxime er landingsplass for ingeniør-regimentet. Det er eit fotografi av Olav merka med St. Maxime august 44. Han står i ei vinmark, smilande, og omgjeven av eit frodig provencalsk landskap. Soldatlivet ser tilsynlatande lett ut. 

28. august er det slutt. Olav og to medsoldatar, Rose og Green, køyrer Jeepen oppover ein smal fjellveg utanfor byen Vence, nokre mil nord for Nice. Tyskarane har trekt seg ut like før. Ei mine har gått av og laga eit stort krater i veien. Det er sivile drepne i eksplosjonen og nokre ligg nede i krateret. Soltatane må prøva å få opp de døde. Under dette arbeidet går ei ny mine av og tar livet av de to amerikanarane. Olav blir hardt kvesta og døyr dagen etter på eit sjukehus. 

15. og 16. august mistar 380 fallskjermsoldatar livet. Ingeniør-regimentet kom frå det med fire falne under heile invasjonen, der ein var onkel Olav.


Olav sitt soldatkort


St. Maxime



Fotball og fart

Dei bur på ei forblåst øy, meir enn 40 km frå fastlands-Island. Detso større grunn til å ha det moro. På fine dagar er både vaksne og born i aktivitet, på dei smale vegane, på flate enger, og ute i marka blant sauer og hestar. Utmark finst ikkje på Grimsey. Alt er skogfritt, eng og beite.

Denne vesle tassen rasar avgarde på ein mini-ATV. Eg tippar han kanskje går i førsteklasse. På eit stort jorde nær sentrum vert ATV-ane pressa til siste hestekraft. Så samlar dei seg i ei lang rekkje og siktar seg inn på fotografen.

Tre gutar – ein i mål og to som kjempar om ballen. Ingen hjørnestolpar, midtlinje eller straffesparkmerke. Viddene er store, himmelen høg. I bakgrunnen skimtar me gjestehuset og flyplassbygningen.

På blogginga frå Island-turen legg eg all fotografisk kvasifilosofering til side. Dei dukkar nok opp i andre samanhengar seinare.


Olav K. Første del.

Olav var den eldste onkelen min på morsida. I 1944 mista han livet i Provence, sør-Frankrike. Han var soldat i den amerikanske hæren og deltok i frigjeringa av Europa. 

Historien blei meg fortalt mange gonger i oppveksten, og onkel Olav er derfor på ein måte del av meg. For eit par år sidan ville det seg slik at historien kom tilbake igjen. Og då frå ein heilt uventa kant. Men meir om det sidan.

Det er ein del gamle fotografi og anna materiale igjen etter Olav. Gamle fotografi er vakre, dei har sin eigen patina som berre tida kan skapa. No er mobilkameraet det mest brukte fotoapparatet. Bileta vert lagra på mobilen, på harddisken, eller i nettskya. Eg veit ikkje kor mange som har papirkopiar av bilrta sine, men trur det er få. Men å lagra bilete digitalt er usikkert. Om hundre år er mange av desse filene ubrukelege eller borte. Me som er lidenskapeleg opptatt av fotografering har eit ansvar for at familiebileta våre er tilgjengelege for framtida, også for tippoldebarna våre. Det einaste som duger då er prints eller bilete i bøker.

Denne historia handlar om gamle fotografi som er blitt tatt vare på. Historien om Olav er laga utifrå det vesle materialet eg har hatt til rådvelde. Eit lite fragment av eit levd liv, og frå ei tid som var mykje meir turbulent enn no.

Som mange andre utvandrarar kom Olav frå ein liten vestlands-gard med stor søskenflokk. Dei var elleve barn. Han og tre andre brør søkte seg til Minnesota. Dei arbeidde på farm, og alle tre utanom Olav kom etter kvart heim igjen til Norge. Fotografia under frå Minnesota og Norge.

Garden på Kåste, Tysnes.

Olav og to yngre brødre. På bytur til Bergen.

Olav som ung mann.

I Minnesota. Fotografiet minner om eit postkort, og mogleg at det er det.

Maskinparken på farmen.

Olav utanfor ein kolonial.

Nattverden på Grimsøy

Altartavla i Grimsey kyrkje er ein friskus-versjon av Leonardo da Vincis «Nattverden». Nede til venstre står namnet til Leonardo. Til høgre namnet til den lokale kunstnaren A. Gislason. Originalen er nesten 32 kvm stor. Versjonen på Grimsey er av gode grunnar mykje mindre. Gislason er frodig og nesten frekk. Kjortlane til mange av læresveinane er kraftig forandra, og ein som originalt er skalla, har fått hår. Læresveinane var stort sett fiskarar, og eg likar tanken på at det er fiskarar frå Grimsey som sit eller står på begge sider av Jesus og gestikulerande snakkar om det meistaren nett har fortalt dei.

Originalen finst på ein vegg i eit kloster i Milano og vart måla for over 500 år sidan. På Grimsey har det vore kyrkje i mange hundre år. Den som står der no er snart 150 år gamal. Ho er bygd av drivtømmer og panelt. På gallerigangen  finn eg eit anna bilete av Jesus, med tornekrone, og gøymt attom trappa til tårnet.

Framfor eit av husa i sentrum på Grimsey er det skapt ein liten by, Alfheimar, for småfolket som det er så flust av på Island. Dei og Jesus er om lag like usynlege.



Eit knappenålshovud i havet (I)

Turen til Island held fram – frå Akureyri til Grimsey i ein mygg av eit fly med plass til åtte passasjerar. Dei to amerikanske turistane kryp saman i baksetet. Flyplassbygnigen er knøttliten, og ligg vegg i vegg med gjestehuset Basar. Om kvelden deler amerikanaren, følgjet mitt og eg ei flaske vin i den flammande solnedgangen. Me er dei einaste gjestene. Om morgonen steller vertinna, Gagga, i stand frukost til oss og reiser på arbeid i «tettstaden» Sandvik. I matsalen heng det tett med foto av gamle hus og menneske på øya.

Grimsey er nodlegaste øya på Island. 4,7 km lang, 1,7 km brei, og 40 km frå fastlandet. Polarsirkelen skjer rett gjennom øya. Ein del turistar tek turen hit for å stå på den usynlege sirkelen, og dei fleste anar ikkje at sirkelen dei trur seg å stå på i røynda ligg femti meter lengre nord. På denne flekken i den nordlege Atlanterhavet bur det om lag 90 menneske. Eg spør Gagga korleis dei unngår inngifte all den tid den fertile delen av folket er langt færre.

– Ein mann reiser til Akureyri når han finn tida moden. Møter han ei kvinne som er viljug til å flytta hit, så flytter ho hit. Det hender også at ei kvinne tek ein mann med seg til Grimsey, fortel ho.


Å la seg irritera

 Å la seg irritera er ikkje bra for helsa, det veit alle som har levd ei stund.

Never look back er ein kjent frase, den kjem sikkert frå Amerika. Han/ho såg seg aldri tilbake, er også mykje brukt, også i fotokretsar. Om ein fotograf vert omtalt på den måten, er det underforstått at vedkommande er dynamisk og legg bileta frå i går kjapt bak seg for så å fyka vidare til nye fotomotiv. Been there done that. Slik kjapp og lett haldning til livet og fotografiet taklar eg ikkje, derfor irriterer det meg. Men eg prøver å la vera.

No er det jul og alle er glade og snille. I førjulstida samla eg saman nokre familiebilete frå pc-en til ei (nett)bok. Den vart ikkje ferdig til jul, men no er boka omsider klar til tinging og her er eit lite utval frå boka. Gamle snapshots er best, meiner eg.



Fotografisk nyttårsforsett

Jeg leste nylig et inytervju med fotografen Rune Johansen i online magasinet HARVEST. 

Johansen er autodidakt, med en fortid som planlegger i Televerket. Han debuterte i 1990 på Høstutstillingen; har et fantastisk øye - spesielt for det typisk nordnorske. Som han sier i intervjuet jobber han helst intuitivt, og han jobber best i sine nærmeste omgivelser i Nord-Norge. Han gir blaffen i trender, stoler på seg selv i stedet.

Og dermed er det fotografiske nyttårsforsettet klart: 

stol mer på deg selv, fortsett å fotografere intuitivt!

Ikke bry deg for mye om hva andre gjør eller mener. 


Hele artikkelen "Kunsten å se" med Rune Johansen finner du her: 

http://harvest.as/artikkel/kunsten-a-se-rune-johansen  


Juleferie

Denne bloggaren tek ferie til like over nyttår. Då er det på'an igjen. Eg kan ikkje svara for kva medbloggaramne mine finn på i mellomtida.

Gledeleg jul og romjul, med ønskje om eit nytt og godt foto-nyttår. Godt nytt år også til alle som ikkje fotograferer, for dei finst vel framleis.


Dedikert fotograf

Akureyri har eit triveleg bymuseum der det vert lagt stor vekt på bevaring av eldre foto. For publikum er det mellom anna innreidd eit gamaldags fotostudio der ein kan kle seg ut og fotografera kvarandre. Denne islandske jenta poserte villig, men var usikker på kva andletsuttrykk ho skulle bruka.

Den store fotosamlinga til museet vert forvalta av Hördur Geirsson. Han har spesiell interesse for storformatkamera, og byggjer dei gjerne sjølv. Han brukar glasplater («film») opp til 18 x 24 cm. Her er han med glasplate og kamera på flyplassen. På neste bilete er ei kvinne klar for fotografering. Attom seg har ho eit stativ med nakkestøtte så ho kan halda hovudet roleg under den lange eksponeringa. Desse to bileta er fotograferte frå ein video vist på museet, og kvaliteten er difor mindre god.

Eg snakka tilfeldig med ein svenske på gata, og fekk greie på at det om kvelden skulle vera stor nordisk folkemusikkonsert i byens kulturelle storstove, Hov. Det var ei triveleg oppleving, men med litt for mange talar på engelsk. Eg prøvde å påverka den islandske kultuministeren telepatisk, men forgjeves. Har ein eit manus, så skal alt lesast opp. Før dørene opna var det islandsk ringdans i gangen, eller hallen/foajeen som det no heiter.